onsdag 26. mai 2010

Vårtreff i Botanisk hage på Tøyen!

Søndag 30. mai er det Vårtreff i Botanisk hage på Tøyen. Det er den store dagen for Botanisk hages Venner. Då skal det seljast urter, stauder, sommerblomster, orkidéer, vinterhage- og overskuddplanter frå Oldemors hage. Det meste har vore dyrka fram og stelt med fra januar og utover av plantegruppa i venneforeninga. Vårtreffet er ein hyggeleg dag for planteinteresserte! Her er link med meir informasjon om kva som skjer den dagen: http://www.botaniskhagesvenner.no/

mandag 3. mai 2010

Tur til Tulipanlandet!












Eg har vore nokre dager i Nederland og sett
tulipanblomstring på topp! Kilometer etter kilometer med tulipanåkrar i alle fargar! Bilda er frå Keukenhof. For ein fantastisk fargeprakt! Der kunne eg har gått i mange, mange timar. Og så måtte eg vise bildet av ei sothøne på reiret sitt i ein kanal i Amsterdam. Skal vi kalle reirbyggeskikken "shabby chic"? Eller kanskje sothøna berre ville ha det ryddig rundt seg...