torsdag 28. oktober 2010

Humle - ein gamal kulturvekst

Humle er ikkje ein plante eg kjenner frå barndomen av. Ikkje voks den vill, og ikkje var humle planta i hagane på min heimestad. Humle har vore dyrka i Norge heilt tilbake til vikingtida, og hadde fleire bruksområder enn ølkrydder. Eg synest humle er ein fasinerande vekst med lang kulturhistorie, og i tillegg ein eksotisk klatreplante.  Det  må vel vere den planta som greier å strekke seg lengst i løpet av sommeren!   Men planen min om å sette humle attmed ein stolpe rett utanfor hagen vart nedstemt av mannen min. Han hadde humle i sin barndoms hage, og syntest slett ikkje om den!  Så her vart det ikkje planta, i staden får eg glede meg over å sjå humle andre stader. Humlebilda er frå turen til Berlin i september.

fredag 22. oktober 2010

Tankar om rogn og rognebær

I natt kom første snøen! Ikkje store mengder, og mesteparten er allereie borte. Og no sit eg her og lurer på sammenhengen mellom snø og rognebær. Eg har høyrt at når det er mykje bær så vert det lite snø - og det stikk motsatte har eg også sett! Men her er det ikkje rognebær i år, korleis vert det då med snø? Nok om det, men eg skulle gjerne funne nok bær til  eitt par glas med gelé. Rognebærgelé og sylta portulakk står øverst på lista mi av viktige heimeprodukt til vinteren. Kanskje eg skal ønske meg ein rogn i hagen til julegåve? Eit tre som har alt, fine blomster, fargerike og nyttige bær, flotte haustfarger på blada, og så kjem den nydelege sidensvansen og tar resten av bæra..... I mangel av rognebær så er det bilde av ein hagtorn. Her var det i alle fall nok frukt!

lørdag 16. oktober 2010

Blå innslag i det haustgule

I sommer renska eg svarthyllen for alle blomster det var mogeleg å nå i med rimeleg strev. Når eg no seinhaustes kom etter bær, så var dei sjølsagt høgt i toppen på buskene...  Då var det berre ein ting å gjere: Heim etter bil, mann og gardintrapp. Ein del hyllebær fekk vi tak i, og resultatet av haustinga vart nokre få glas med gelé. Og ein ting er sikkert, geléen er verkeleg god!
Det er framleis nydeleg haustver som må nytast.  På turen min idag kom eg forbi eit kratt med slåpetorn. Slåpetorn veks på strendene her, tørre bakker og ute på øyane. Slåpene har ein snerpete smak som minner om heggebær. Dei vert visstnok bedre på smaken etter nokre frostnetter. Sjøl har eg berre brukt slåpene til likør, og det var eit fortreffeleg produkt! 

torsdag 14. oktober 2010

Jordskokk - Grønnsak med mange bruksområde

For nokre år sidan fekk eg  knoller av jordskokk, og sidan har dei vore i hagen. Ein gang jordskokk, alltid jordskokk...I mange år levde jordskokken eit stillferdig liv under sibirkornellen, men så grov eg den opp igjen og planta på nytt. No har eg jordskokk både der den vart planta i år, der den sto ifjor og året før der igjen .... Eg  har  nettopp hausta  den største av jordskokkplantene (2,70 m!) der avlinga var ein liten berepose med røter. Seinhaustes får jordskokken gule blomster i toppen så det er ein plante  både til pryd og nytte. Røtene kan brukast til suppe, gratineres saman med tomat og løk, bakes i steikeomn på same måte som poteter, til puré blanda med andre grønnsaker eller rå i salat. Jordskokk inneheld inulin som er gunstig for blodsukkerbalansen. Altså ein mangfoldig plante. Men som med det meste, ein bakdel er det med jordskokken og: Særleg i rå tilstand kan den skape mykje rummel i magen ...

fredag 8. oktober 2010

Frøken Murpryd


Her er mitt bidrag til konkurransen Frøken Høstløv 2010! I går var det ein nydeleg haustdag her, og eg var ute og såg etter fotomotiv. Hadde i grunnen sett meg ut nokre busker med svartsurbær som hadde usannsynleg raude blad. Men så oppdaga eg denne villvinen som klatra nedover ein gråsteinmur. Eg har nok sans for det glorete, og samansettinga her av blad, stein og grøn mose gjorde valget enkelt.

tirsdag 5. oktober 2010

Langvarig glede frå eit lite frø



Eg har eit kornvalmuebed som sår seg sjøl kvart år. Fuglane likar frøa, og det er kanskje "sleppnebbete" meiser som gjer at det dukker opp kornvalmuer overalt i hagen. Ettersom eg synest at valmuer er sjarmerande blomster, så lar eg kornvalmuene stå der dei dukker opp. Her er ein valmue som fann seg plass i ein sprekk i steinlegginga framfor garasjen. Og slik som den har blomstra! Og ennå står den der i fullt flor - i oktober månad!

søndag 3. oktober 2010

"Ein ekte Dalasau eg var, sprang høgt til fjells med mor og far..."


Det er haust og fårikåltid. Her i heimen likar vi sauen både slik og sånn. Det er hyggeleg å treffe på sauer i fjellet og når sauen ender som mat på bordet så tenker eg han har hatt eit bra liv... Favorittmat hos oss: Fårikål, pinnekjøt, smalahove/saudehaud/sauehode - alt etter kven i familien som uttaler seg. Når vi serverer fårikål til gjester, då er det sermoni! Det skal syngast, (overskrifta er 1. verset frå ein av sauesongane våre), og gjerne taler med mimring om sauesanking seinhaustes. Mannen min tek fram barndomsminna der han vart skremt i møte med krøllhorna svartfjes. Eit år hadde eg sauelimerick-quiz, og bl.a. testa om gjestane våre hugsa når/kvar/kven som sa at sauer var ålreite dyr... Elles - Eg har vore ein gong på høgste fjelltoppen på bildet. Då lovde eg meg sjøl at eg skulle vere snill resten av livet dersom eg kom heil ned igjen. Ned kom eg, men lovnaden har nok ikkje alltid vore hugsa på....