søndag 27. februar 2011

Meir om kapers

Kapers er ein gamal kultur-
plante, og var allereie i bruk for mange tusen år tilbake. Det botaniske namnet er Capparis - skomakernål. Den bøygde griffelen med brun fruktknute kunne minne om nåla som skomakeren brukte. Kapersfrøa vart brukt til både krydder og mat. Og så er kapersen nemnt i Bibelen, i det gamle testamentet. Teksten handlar om plagene i alderdommen, og til sist står der (nynorsk utgåve frå 1938) at "kapersbæret dovnar". Og tolkinga? Den kan gå på appetitten eller på det at kapers tidlegare vart rekna for eit afrodisiakum....

søndag 20. februar 2011

Våriris

Dette er ein av mine favoritt-
løkplanter! Men det er mange år sidan eg gav opp å dyrke våriris  her i hagen, løkane vart berre borte etter eit par år. Så då vert eg desto meir glad når eg finn våriris til salgs i blomsterbutikkane på denne tid. Så fantastisk vakre! Og tenk, i butikken var der til og med klosterklokker...

fredag 18. februar 2011

Variant av rosablogg


Så var det opp frå kjellaren med hakelilje-
krukkene.  Eg må medgi at eg ikkje har knekt koden når det gjeld å få dei til å blomstre. Starte tidleg/seint med driving, mengde gjødsel/vatn, stor krukke eller vil hakeliljene ha det trangt? Iallefall, hakelilje er utruleg vakker og verdt strev og tolmod! Avisene har skrive i det siste om kåring av Norges beste blogg.   Det tok litt tid før eg skjøna at det ikkje gjaldt alle typer blogg, men spesielt ein der eg ikkje er i målgruppa....  Så derfor min variant av rosablogg idag!  Lewisia frå Botanisk hage UiB på Milde, og rhododendron yakushimanum 'Ballkönigin' frå hagen her.

fredag 11. februar 2011

Jostein, eføyen og hjorten

Jostein er svogeren min og bor utanfor Bergen. Huset hans ligg tett inntil ein bratt bergvegg. For mange år sidan vart det planta ein eføy ved foten av bergveggen. Eføyen stortrivdes, noke Jostein var sånn passe fornøgd med. Som tidlegare fjellklatrar likar han å sjå reint fjell...  År om anna gjekk derfor Jostein laus på eføyen og skar han kraftig ned. Ein seinvinterkveld han var utanfor huset, høyrde Jostein ein rar lyd. Oppe i bergveggen sto ein hjort og beita på eføyen. (Sjå nederst og til høgre oppe på bildet). Jostein syntes det var heilt greit, eføyen skulle no skjerast ned likevel. Men noke seinare kom hjorten tilbake og åt opp krokusenga til Jostein. Då var det slutt på velviljen!

torsdag 10. februar 2011

Oppstart til ny sesong med hagegleder!

Det er så bra med alle hagesidene der ute! For nokre veker sidan las eg at det var tid for såing av blodbeger- frø. Det visste eg slett ikkje, at dei skulle i jorda så tidleg. Så eg hivde meg rundt, skaffa plantejord og fekk sådd innsamla frø frå planten eg hadde i fjor. I den gamle telefonkatalogen sto der ein advarsel om "Spør først, grav etterpå", eg gjorde det altså motsatt. I etterkant fann eg gode råd om korleis blodbegerfrø skulle handsamast for å spire. Men no spirer dei allikevel, i mengder! Det neste var deling av cannaknollane, planting på nytt med litt vatn og så plassert under ein benk i kjellaren. Håpet er å få blomster før frosten... Legg ut eit feriebilde av ein cannablomst - trur eg.....   No laver snøen ned her, vi treng noke vakkert til oppmuntring!

fredag 4. februar 2011

Frøken Solslikk 2011 - min kandidat er Frøken Samos















Anne på Moseplassen inviterer til ny konkurranse, og denne gangen skal vi sjå framover til vår og sommer.  Vi  skal finne fram eit blomsterbilde med farger og sol! Dersom du vil lese meir om konkurransen, så klikk på bildet for å følge linken. Det var ikkje enkelt å bestemme seg for eit bilde til konkurransen. Så mange hyggelege hageminner og blomsterbilder frå ferieturer dukka opp i bildefilene mine. Men her er det eg landa på, ein kapersblomst ifrå Samos. Eg synest kapersblomsten er utruleg vakker!  Som regel ser vi kapersplanten som slyngplante i lange ranker langs fjellvegger og murer, og han er vanleg rundt heile Middelhavet. 


torsdag 3. februar 2011

Dette kan ikkje vere ein fuglekasse, men kven bor her da?

I sommer var eg innom eit restaurert tun samla rundt eit gamalt, lite herskap- hus. Det var fleire andre hus der, hage med gamle roser og ein idyllisk hagedam. På veggen til eit av uthusa hang denne kassen. Det kan ikkje vere ein fuglekasse, men kven er det da bolig for? Eg har fått eitt par forslag, men tek gjerne mot fleire! Så må eg legge ved bilde av den nydelege hagedammen. Skulle ønske eg hadde ein slik!