søndag 27. november 2011

Vårkorsveden står i blomst!

Det milde verlaget vi har hatt i haust har fått vårkorsveden i Botanisk hage til å tru at det er vår! No er det visstnok ikkje uvanleg at vårkorsved starter blomstringa i desember, men likevel... Der sto busken med mengder av nydelege, duftande, kvitrosa blomster. Eg anbefaler ein tur dit for å nyte synet. Så oppkvikkande å sjå ein busk i blomst no i novembermørket!

torsdag 24. november 2011

Julemarked i Botanisk hage på Tøyen

Laurdag 26. november er det julemarked i Botanisk hage på Tøyen. Markedet vert arrangert kvart år, og brukar å vere eit hyggeleg arrangement både for store og små. Følg linken til Botanisk hages Venner oppe til høgre dersom du vil lese meir.

lørdag 19. november 2011

Minne om eit plommetre

Plommetreet var planta av ein tidlegare huseigar. Men kva dei då tenkte på, det er meg ei gåte. Treet var sett ned ca. 20 cm frå gavlveggen! Det er mogeleg at det i si tid var eit søtt, lite plommetre som vart espaliert opp mot veggen. Men den gang vi flytta inn, så var treet digert, og vaks på skrå ut frå veggen. Eg kunne ingenting om frukttre, så eg let berre treet vekse. Ei stor grein strakk seg framfor vindauga, men det passa bra, for der sat alltid katta vår når ho meinte det var på tide at vi let henne inn. Vi kom til at plommetreet var 'Reine Claude' med gule plommer. Utruleg saftige og søte! Ei smaksoppleving av dei store! Og med eit fantastisk blomsterflor om våren. Men det å få tak i plommene var verre. Sjølsagt var dei finaste i toppen. Eg klatra ut vindauga i 2. etasje og ut på garasjetaket. Sto der på kanten av taket med plommeplukker. At det gjekk bra... Så måtte vi skifte bordkledninga på gavlveggen. Og eg - som kan argumentere langt inn i det usakelege når det gjeld å bevare tre og busker - hadde ingen motargument her. Treet måtte bort, det var ingen veg utenom. Men sjøl idag, fleire år etterpå, så saknar eg plommetreet. Konklusjonen er at ein må tenke seg nøye om før planting av tre og busker, og vere sikker på at det er rett plass. Hadde plommetreet berre stått ein meter frå veggen... Så var det bildet av admiralsommerfuglen. Nokre av plommene datt ned på steinhellene på terrassen. og det visste admiralen å sette pris på!

søndag 6. november 2011

Haustkrokus

Eg kunne ikkje fatte kvar haustkrokusen i hagen kom ifrå. Noke eg knapt nok visste eksisterte. Så demra det for meg: Det var Crocus speciosus 'Conqueror' som eg kjøpte i Berlin ifjor! Slik går det når ein kjøper etter farge og ikkje les på pakken.... Fargen er aldeles nydeleg, men krokusen har lange stilker som ikkje toler noke særleg regn. Og eg antar at dei skulle ha åpna seg, men det har ikkje skjedd. Kanskje veret er altfor surt og med for lite sol? I alle fall, ei hyggeleg overrasking i novemberhagen!