torsdag 20. september 2012

Hadde eg lyst på sjokolade?

Eg bestilte på seinvinteren frø frå Gøteborg Botaniske hage. Her er nokre av plantene eg fekk fram. Men eg stussar over fargane! Sat eg med bestillingsskjemaet og tenkte på kor godt det hadde smaka med ein sjokolade? Utvalget kan tyde på det...
Dolichos lab-lab 'Ruby Moon' hjälmbøna
Ein flott klatreplante! Dessverre likte den ikkje kald og våt sommar, og var lett utriveleg. Eg tok planta inn for å hjelpe på trivselen, men det var også med inn ein koloni med bladlus så då bar det rett ut igjen.

Solenostemon scutellaroides 'Chocolate Mint' palettblad
 Ingen tvil! Sjokolade!

Scabiosa atropurpurea 'Black Knight' praktvädd


Nydeleg plante. Kom seint i blomstring, men står fint no i hausthagen.

Salpiglossis sinuata 'Royale Chocolate' trumpetblomma

Legg merke til dei lysegrøne flekkane på blomsten. Eg trudde først det var ein invasjon av kjempestore bladlus! Også her er det sjokolade i namnet...

lørdag 15. september 2012

Kyss-meg-over-gjerdet flørter med naboen!

Mine hausthagegleder no er digre og gule! Favoritten er kyss-meg-over-gjerdet. Eg synest det er eit flott namn på ein staseleg og storvokst staude, bedre enn det kjedelege namnet gjerdesolhatt (Rudbeckia lacinata). Og sjølsagt er planta plassert attmed gjerdet mot naboen, og gir han meir oppmersomheit enn eg får...Men der er andre digre og gule: Rusoløye (Heliopsis helianthoides) fyller ut ein ledig plass i ripshekken utan problem. Den siste gule kjempeplanta er jordskokken. Eg trudde at eg hadde kontroll på kvar jordskokken voks i hagen, men dei dukker opp både her og der. Og eg har ikkje hjerte til å rive opp planter som er til både pryd og nytte.
Kyss-meg-over-gjerdet

Rusoløye
Jordskokk

mandag 10. september 2012

Møte med snøen i Sylan

I år gjekk fjellturen til Sylan, og målet var å kome opp på toppen av Storsylen. Men Sylan møtte oss med snø, vind og skodde! Så eg ville aldeles ikkje prøve meg på toppen. Men om ikkje Sylan viste seg frå si beste side denne gangen, så er det eit område eg gjerne drar tilbake til.



onsdag 5. september 2012

Ikkje høyr på reven!

Det eg tenkte på var altså utsagnet til reven om rognebær. For så vidt har han rett, men det er verdt strevet å få tak i rognebæra. Det kan lagast så mangt av dei (til og med vin!), men for meg er det gelé som er det viktige produktet. Rognebær skal haustast etter første frostnatta heiter det, men da kan ofte trasten ha renska grundig. Så plukk heller litt tidleg og legg bæra i frysaren. Mor mi laga alltid rognebærgelé, og som barn var det mi oppgave å klatre i trea og plukke. Mor sto nedanfor, redd for at eg skulle dette ned, men samtidig med tilrop kvar dei finaste klasane hang... No har eg slutta med klatring i rognetre, heldigvis finns det små utgåver av dei...


lørdag 1. september 2012

Om mår og stikkelsbær

Bror min bor på Møre. Ifjor hadde han for første gang besøk i hagen av ein mår! Og grunnen til besøket var dei flotte stikkelsebæra som bror min dyrkar, dei var mat for mår... I går fekk eg e-post om at måren var tilbake, akkurat når stikkelsbæra er godt modne. Når bror min skriv om "stikkelsbæra dine" så var det altså trumfkortet han kom med for å få meg til å reise til Møre, trass i regn, storm og gråskodde. Han veit at stikkelsbær er det beste eg kan få.
Sitat frå e-post: "For 10 min. sia var måren her i år også og gnafsa i seg dei raude stikkelsbæra dina. Såg ut som han var mest interessert i dei halvgjæra bæra under treet. Blir ikkje overraska om eg snart ser han sjanglande mellom bærtrea".