søndag 22. februar 2015

Om Hans Strøm, brennesle og sunnmøringar

Presten og vitenskapsmannen Hans Strøm ga ut tobindsverket "Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør" i 1762 og 1766. I forbindelse med Fiberutstillinga i Botanisk hage der bruk av brennesle til nettleduk vart omtalt, ville eg lese på nytt kva Hans Strøm skreiv om brennesle. Men mi utgåve er frå 1907 med gotisk skrift og uten register, så eg klarte ikkje å finne fram (eller var ikkje tolmodig nok...). Heldigvis fann eg ei nyutgåve på Deichmannske bibliotek og her er kva Hans Strøm skreiv:

Urtica foliis oppositis cordatis, ere begge almindelige og bekiendte under det Navn Brænd-Hætte eller Brænde-Nott, item Nælde, og bruges om Foraaret, naar de begynde at spire op, bland andre Urter til Græs-Kaal, men holdes siden for at være forgiftige, hvilket og stadfæstes av Linnæo. Ved denne Urt maa jeg erindre som noget mærkverdigt, at Indbyggerne i Naboe-fogderiet Nordfiord forarbeide grove Lærreder deraf, ligesom af Hør eller Blaar og sælge samme paa Søndmør, hvor man i denne og flere Poster er mindre oeconomisk.

Så der fekk vi den!


tirsdag 3. februar 2015

Fiber, fiber, fiber - eller livets viktige trådar

Overskrifta er namnet på ei utstilling i Botanisk hage på Tøyen. Det er ei plantefiberutstilling, og fortel historia til dei viktigaste tekstilfibrane i verda. Det er mange idag som ikkje veit eller tenker over kva kleda våre er laga av! Ta turen innom Tøyen hovedgård og sjå på mange foreskjellige gjenstander som kjem frå planteriket. Og ikkje minst - når eg lærer om det tunge og tidkrevande arbeidet med å lage linklede så vert eg imponert over formødrene våre.