torsdag 26. mars 2015

I hus med hageputene!

Og eg som la på plass hageputene for eit par dagar sidan... Det var nok vel optimistisk av meg! Men snøveret vil nok gi seg etter kvart, og eg er glad eg slepp ta meg fram i trafikken. Trøstebilde: Grein av vårkornell, Cornus mas.



tirsdag 24. mars 2015

Humler i hagen!

Det har vore ein utruleg varm og fin dag. Og der, endeleg, dukka dei første humlene opp i hagen. Våren er her! Heldigvis, hadde eg litt mat å by på til slitne og svoltne  humledronningar. For å vere på den sikre sida gjekk eg for nokre dagar sidan til innkjøp av blå  krokus i potte. Vi hadde eit snøfall i helga så eg var litt uroleg for at vinteren ikkje heilt hadde slept taket. Heldigvis var det eit kortvarig blaff. Varmen idag fekk julerosene ut i full blomst og nokre av mine eigne krokus står og strutter mot sola. Så velkomne alle humler til meg!


torsdag 19. mars 2015

Dagliljene i Koblenz

Eg har lært at når ein har sagt A, så skal ein og seie B! Derfor kjem her dagliljene i Koblenz som eg omtala i forrige innlegg. Legg merke til murkanten på bildet... I tillegg to andre bilder frå same området. Motivet på det eine bildet må vere av ei frøstjerne, det var ein høgreist og utruleg lekker plante. Men så er eg og spesielt glad i frøstjerner. Eg såg meg til sides og stal nokre frø, men dei var nok ikkje modne. I same hagen var der laga til blomster og pilfletting i kombinasjon, og på bildet er pilflettinga ei prinsessekrone.




onsdag 18. mars 2015

X-faktor svart og grøn

Så var det innspurten, og her har eg ein soleklar kandidat! Ifjor var eg i Koblenz og ute på Deutches Eck, landtunga der Mosel møter Rhinen. Eit flott område med statuer og beplantning, og der såg eg eit bed med ein fantastisk, svart daglilje! Wow! Eg hadde ikkje sett maken. Det var ikkje heilt lett å kome til bedet, eg måtte klatre opp over murkanter og pådro meg sinte tyske blikk. Attpå alt hadde eg gløymt fotoapparatet og måtte bruke mobilen... Vel heime etter turen, kva møter meg i hagen? Ein nydeleg, svart daglilje som etter mange år endeleg hadde funne det for godt å blomstre! Og nesten heilt lik dei eg såg i Koblenz! Fullstendig glømt bort av meg at eg hadde planta eingong. Heldigvis hadde eg namnelappen: "Night Beacon".


mandag 16. mars 2015

X-faktor blå

Eit vanskeleg valg med mange flotte blå blomster i arkivet! Men eg landa på ein sommerblomst, ein type salvie trur eg... Innkjøpt som lita frøplante, og blomstra flittig i hagen min ein heil sommar. Og grunnen til at salvien gjekk sigrande ut i den blå konkurransen hos meg, var den ufatteleg intense blåfargen. Fint om noken kunne hjelpe meg med eit namn, så kan eg få den tilbake i hagen!


lørdag 14. mars 2015

X-faktor rød

Ikkje så mykje å seie her anna enn at det er ein aurikkel. Eg har eit par stykker i hagen, mest for hagetradisjonen og glede over at dei kjem i blomstring tidleg. Fine og robuste planter!


fredag 13. mars 2015

Tyrkisk hassel

Takk for alle hyggelege kommentarer om Hasselbror! I går var eg innom Botanisk hage for å sjekke om der var blomster på gang, men midten av mars er for tidleg. Tyrkisk hassel, Corylus colurna, var derimot i full blomstring. Eit praktfullt tre! Ein flott dag med vårsol i Botanisk hage, og triveleg var det og for ei stokkand som hadde dammen i Fjellhagen heilt åleine...




torsdag 12. mars 2015

X-faktor hvit

Eg er framleis i utolmodig tidlegvår stemning, og sjekkar kvar dag framdrifta på julerosene mine. Blomsterknoppen har no løfta seg opp frå jorda, og den kvite fargen tek til å synast. I påvente av full blomstring, her er arkivbilde av kvit julerose frå eit tidlegare år - inkludert humledronning på jakt etter mat.


tirsdag 10. mars 2015

X-faktor gul

Så var det gult bidrag. Og her var det mange bilder å velge mellom! Men ettersom eg er i tidlegvår modus, stoppa eg opp ved eit foto av busken Hasselbror, Corylopsis platypetala, i blomstring. Nydelege, akslignande blomster i ein sart, lysegul farge.  Busken er dessverre ikkje i min hage, men  står i Botanisk hage på Tøyen der den har god plass å breie seg på. For dette er ein diger og omfangsrik busk, og eit imponerande syn når den viser seg fram i vårblomstringa!


søndag 8. mars 2015

X-faktor rosa

Så hyggeleg at Anne på Moseplassen har starta X-faktor konkurranse igjen. Og her blar eg igjennom alle hagebilda mine og leitar etter eit høveleg rosabilde. Og eg fann faktisk mange fleire rosa blomsterbilder enn eg visste om. Det var ein hard utvelgelsesprosess, men sigrande ut av konkurransen kom Bredflatbelg - Lathyrus latifolus.  Ein  robust og flott klatreplante som drar to - tre meter til vers på gavlveggen hos meg. Nydelege rosa  blomster, men dessverre utan duft. Men når det er sagt, blomstrane er populære hos humlene!



onsdag 4. mars 2015

Hurra for snøklokkene!

Våren er på gang sjøl om det fortsatt er kuldegrader og snøen dekker det meste av hagen. Kjøttmeisene er på visning i fuglekassane, og den svarte trasten har byrja å synge om kvelden. Vår i vente! Idag sa eg høfleg nei takk til skitur, enda det i tilbodet låg smøring av skia mine med Universalklister. Heller gå ut og glede meg over det som dukkar opp i hagen. Alle julerosene er klar med mengder av knoppar, det ser ut til å verte eit bra år! For ei tid sidan lånte eg boka "Løker og knoller" av Tommy Tønsberg og Kenneth Ingebretsen. Der skriv dei om andre snøklokker m.a. Stor snøklokke (Galanthus elwesii), Fylt snøklokke og Snøklokke (Galanthus woronowii). Dei ser flotte ut på bildet og kunne vere fristande å prøve i hagen, men er dei så hardføre som dei vanlege som trufast kjem igjen år etter år?