tag:blogger.com,1999:blog-19712250845458919942024-03-13T01:21:18.763+01:00Tigerliljes grøne glederTigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.comBlogger223125tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-55485536235129804902016-01-24T15:49:00.000+01:002016-01-24T15:49:37.432+01:00VinterhageUnder eit tjukt snølag søv hagen min vintersøvnen. Alt er kvitt og stille - bortsett frå fuglane som trassar vinteren og er innom matserveringa i hagen. Eg brukar mykje "hengemat", medgir at eg er redd for invasjon av "gjestar" på fire bein. Dei kan dukke opp når det er mykje søl rundt fuglebrettet. Litt frø strør eg likevel på bakken, og svartetrasten får to eplehalver kvar morgon. (Eg minnar han da på avtalen: Sang i hagen til våren!). Dei flittigaste gjestane på fuglematen er blåmeis og kjøtmeis. Her ein dag dukka ei svartmeis opp, men spettmeisa som ofte var gjest tidlegare, har eg ikkje sett i vinter. Så er der fast besøk av ein storfamilie med pilfink, svartetrast, gråtrast, kjernebitar og ein stakkars raudstrupe som sikkert angrar på at han droppa sydenreisa. Dompap og grønsisik er innom, og sjølsagt skjorene som sit på lur i piletreet. Så vinterhagen er underhaldande og slett ikkje kjedeleg!

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com3tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-57128578533668625622015-10-21T12:57:00.000+02:002015-10-21T12:57:06.791+02:00Eldre husmor på nye matveierEg medgir at eg er ganske så tradisjonell når det gjeld matlaginga mi. Men ein sjeldan gang oppdager eg noke nytt, og vert stormande begeistra. Når det gjeld bruk av graskar, så er einaste bruken eg har kjent til ifrå barndomen min. Mor mi la på glas bitar av graskar i sursøt lake med ingefær, og brukte det som tilbehør til kjøtrettar. No har eg prøvd ut suppe av graskar og det er godt! Her er eit Stilleben av det eg brukar i min variant av suppa. Basis er innkjøpt flaskegraskar. Halloweenfeiring har eg eit avmålt forhold til, men servering av graskarsuppe den kvelden, det kan eg gå med på!

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com8tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-54656274537969632622015-10-10T11:58:00.000+02:002015-10-10T11:58:35.186+02:00En sommer er overmen minnene om den består... Det var Kirsti Sparboe som sang - dersom eg hugsar rett. Og det har vore ein sommar med mange hagegleder. Litt tilbakeslag her og der, liten kålsommerfugl åt opp grønkålen før eg vart obs på han, dei store tomatane fekk ikkje nok sol og engletrompeten gav meg berre fire blomster i år. Men elles var det storarta! Og no er det haust i hagen. Nokre få planter står fortsatt i blomst: Anisisop Agostache foeniculum, Haustanemone Anemone hupenensis og Haustormedrue Actaea (Cimicifuga) simplex "Pink Spike". Særleg den siste er utruleg nydeleg med mørk raude blad. Mange ormedruer likar skygge, men denne her må stå i sol for å gi god blomstring. Haustanemonene har blomstra flott og lenge i år, så der er fine hagegleder enno. Så det neste vert rydding av krukker, deling og flytting av stauder, planting av løk, kort sagt gjere klart og glede seg til neste sesong!

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com3tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-11737346095085266282015-09-13T16:43:00.000+02:002015-09-13T16:43:19.200+02:00Eg har sett Moseplassen!I år var Moseplassen med på lista over "Åpne hus 2015" her i byen. Anne hadde sagt ja til å vise fram hagen sin, så dit skrangla eg i veg med blåtrikk nr. 19 Ljabru. Der vart eg - og mange andre - tekne vel imot av Anne. Hagen var så sjarmerande og flott planlagt, og til stor inspirasjon for oss som møtte opp. Dessverre hadde eg gløymt både fotoapparat og mobil, så ingen bilder! Men eg har funne fram frå arkivet mitt maken sommerfuglbusk som var brukt på Moseplassen. Dei lilla blomsterrankane var så nydelege i samplanting med høge hauststauder der alle fargenyansane såg ut til å vere tilpassa kvarandre. Tusen takk for at du ville vise fram hagen din, Anne!

Apropos blåtrikk nr. 19 til Ljabru, på turen tenkte eg på barnediktet til André Bjerke - lest utallege ganger for barn her i heimen - der han nemner Ljabru. Diktaren var tydelegvis inspirert av det uvanlege namnet. Her er første vers:

Fru Barbro von Kobro

som bodde på Ljabru

hun matet sin hubro

fra Ebro med tebrød

men det finn den feb´r av.

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-9314707463559220302015-08-27T11:13:00.000+02:002015-08-27T11:13:11.579+02:00Sommarfuglar og sommerfuglbuskEg er fasinert av sommarfuglar og vil gjerne ha dei i hagen. Så derfor har eg planta Sommerfuglbusk, Buddleia davidii, enda vinteren her er for stri for denne busken. I år hadde vi mild vinter og no i slutten av august står han med nydelege, lange blomsterstander. Den eg har er rosa, men sommerfuglbusk er og å få kjøpt i andre fargar. Det er ikkje berre sommarfuglar som er glade i busken, der er mange andre - for meg - ukjende insekt på besøk. Bildet er av neslesommarfugl, ein av mine favoritter! Eg har til og med late brennesleplanter vekse i fred i hagen for å vere sikker på at neslesommerfuglar kjem til meg!

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-83547084128703278302015-07-18T15:13:00.000+02:002015-07-18T15:13:33.065+02:00Insekthotell, blomstereng og Olivias roseEg har kjøpt insekthotell! Rett nok litt seint i sesongen til at eg kan få mange gjester, men i alle fall er hotellet svært dekorativt. Eg har til og med lagt inn små klumper av leire mellom pinnane slik at eventuelle murerbier har noke å bygge med. Bildet viser også at ampeltomatane mine har teke til å få rette fargen. Så er det eit bilde frå ei offentleg blomstereng her i strøket. Og det berre eit bittelite utdrag av enga. Gjett om humlene boltra seg i raudkløveren! Kort sagt eit humleparadis. Til slutt Olivias rose, ei rotekte "prestegardrose". Olivia var barndomsveninne av mor mi, og gav henne rosa i presang ca. 1925. Kjekt å tenke på idag når stikling frå den gamle rosa står i praktfullt flor i min hage.

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com4tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-63354076803525398682015-07-14T12:37:00.000+02:002015-07-14T12:37:37.124+02:00Det summer og surrer i hagen!Nokre varme dagar har gjort susen! Det kryr av humler og villbier i hagen, og eg må oppdatere listene mine over favorittplantene dei har. Stadig noke å gruble over: Eg har to sorter gule revebjeller i hagen, ei med vanleg størrelse på blomsten og den andre med små blomster. Og humlene er berre interessert i den minste revebjella, og dei skjønar ikkje at dei er for tjukke til å kome inn. Merkeleg. Bilda er av dei tre favorittplantene til dei små flittige akkurat no: Honningurt, agurkurt og kornvalmue.

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com4tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-32794983154427103102015-07-02T20:56:00.002+02:002015-07-02T20:56:29.242+02:00Iris i hagenNo blomstrar iris og sibiriris i hagen! Eg har ikkje så mange sortane i hagen, men dei eg har er av det trufaste slaget og kjem igjen år etter år. Hageris-slekta har på grunn av alle fargevariasjonane på blomstrane fått namnet etter himmelgudinna Iris. Ho brukte nemleg regnbogen som reiserute...

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-37155672533751000922015-06-29T12:09:00.000+02:002015-06-29T12:09:21.040+02:00Penstemon - eller rørblomstDette er for meg ein ny sommerblomst som eg synest er svært fin. Overfladisk lesing på Google om Penstemon opplyste at han og kunne vere staude, men overvintringa var problematisk. I tillegg var det og nemnt at dette er ein plante som tidlegare var mykje i bruk, men som no har gått ut av hagemoten. Kanskje på tide å ta Pentstemon i bruk på nytt?

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-27879128365625262182015-06-22T08:32:00.001+02:002015-06-22T08:32:34.874+02:00Pallekasse med planter for humlerTidleg i vår gjekk eg til innkjøp av pallekasser. I den eine kassa sådde eg frø av humleattraktive planter som honningurt, ringblomster, salvie og frøpose med humleblomstblanding. Kald vår og forsommar gjer at småplantene har vokse seint og kan så langt ikkje by på mat til humlene. Heldigvis har eg blomstrande stauder i hagen, og akkurat no er det i akeleiene humlene surrar rundt. Humla på bildet ser litt tvilrådig ut: Er inngangen i akeleier frå toppen, frå sida eller kanskje nedanfrå?

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com3tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-41958147319178663622015-05-29T19:42:00.000+02:002015-05-29T19:42:47.141+02:00Tulipaner både her og derEg har ganske mange tulipaner i hagen, men det som forundrer meg er at dei dukkar opp på dei mest uventa stader, slik som under solbærbuskene og midt inne i rhododendrongruppa. Forstå det den som kan. Fine og til stor glede er dei uansett plassering!

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-34473760142003953822015-05-15T16:38:00.000+02:002015-05-15T16:38:36.028+02:0017. mai nærmer seg, her er raudt, kvitt og blått frå hagenNokre fine, varme dagar har gjort susen for hagen. Det spirer i pallekarmane mine, planter og busker har fått fart på seg. Vi skal feire nasjonaldagen om to dagar, og her er frå hagen i flaggfargane. Rhododendronen er gode, gamle 'Cunninghams White', som no blomstrer på det finaste til glede for meg og humler. Og så går vi inn i rabarbratid! Rabarbrasyltety med ingefær, det er det beste eg kan tenke meg utpå vinteren. Kvannen min har overlevd vinteren, så eg skal i tillegg prøve rabarbrasyltety med kvann!

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-56261102274593905742015-05-08T17:04:00.000+02:002015-05-08T17:04:08.737+02:00Åkerhumle inn for landing!Så er humlene tilbake i hagen for fullt. Og favorittplanta er lungeurt! Her er travle åkerhumler, trehumler og steinhumler. Eg prøver å fotografere dei, men det er inga lett oppgave. Godt med digitalt kamera og slettefunksjon. Dette bildet kom heilt tilfeldig, synest det er litt artig...

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-4016288027150618802015-05-05T11:52:00.000+02:002015-05-05T11:52:42.773+02:00Blomsterbilder frå TyrkiaEg har vore på busstur i Tyrkia, og reiste frå Istanbul i nord til Antalya i sør, gjennom vekslande klima og natur. Tyrkia gjer krav på å vere heimlandet til tulipanen, og i Istanbul var det ufatteleg flotte tulipanbed. I nord blomstra judastreet, Cercis siliquastrum, overalt. Ifølge legenda var det i dette treet Judas Iskariot hengde seg, og av skam skifta blomstrane farge frå kvitt til raudt. Enten det er no slik eller slik, eg synest det er eit nydeleg tre! Så er det bilde av kjempefenikkel, Ferula communis. Bilde er forresten teke i Troja. Og til slutt eit foto av kornvalmuer, eg er som alltid like sjarmert av valmuer. Det kan ikkje vere heilt få kornvalmuebilder eg har i bildefilene mine...

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-82159039439857832152015-04-23T20:57:00.000+02:002015-04-23T20:57:16.302+02:00Fioler, Titanic og Matt DamonEg har klaga over snøfall langt ut i april, men når eg tenker meg om så er det slett ikkje uvanleg. Rett før påske i 1998 var vi i København, og der kom det eit uventa og skikkeleg snøfall. Det ramla ned med våt snø, ikkje snakk om å spasere i bygatene i lavesko! I staden gjekk vi på kino og såg "Titanic" og "Good Will Hunting" med Matt Damon. Og så var det fiolane. Eg kjøpte med meg heim ei krukke med fioler, og dei vart etterkvart planta ut i hagen. Her er etterkomarane!

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-27514777366331297412015-04-14T11:09:00.000+02:002015-04-14T11:09:20.984+02:00No må vinteren gi seg!Eg synest faktisk det er nok no! Men håpet er at det går fort over og vert opp i regn, noke som vi treng ute i hagen. Bilete av snødekt vårkornell, diverse juleroser og scilla. Legg merke til røret bak julerosene. Eg har flytta humlekassa mi i håp om at ny lokalitet vil friste ei humledronning til innflytting.

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-61557685333778924742015-03-26T10:18:00.000+01:002015-03-26T10:18:43.484+01:00I hus med hageputene!Og eg som la på plass hageputene for eit par dagar sidan... Det var nok vel optimistisk av meg! Men snøveret vil nok gi seg etter kvart, og eg er glad eg slepp ta meg fram i trafikken. Trøstebilde: Grein av vårkornell, Cornus mas.

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com3tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-78141621503194141082015-03-24T16:38:00.000+01:002015-03-24T16:38:27.248+01:00Humler i hagen!Det har vore ein utruleg varm og fin dag. Og der, endeleg, dukka dei første humlene opp i hagen. Våren er her! Heldigvis, hadde eg litt mat å by på til slitne og svoltne humledronningar. For å vere på den sikre sida gjekk eg for nokre dagar sidan til innkjøp av blå krokus i potte. Vi hadde eit snøfall i helga så eg var litt uroleg for at vinteren ikkje heilt hadde slept taket. Heldigvis var det eit kortvarig blaff. Varmen idag fekk julerosene ut i full blomst og nokre av mine eigne krokus står og strutter mot sola. Så velkomne alle humler til meg!

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-32447596096046609012015-03-19T12:49:00.000+01:002015-03-19T12:49:57.575+01:00Dagliljene i KoblenzEg har lært at når ein har sagt A, så skal ein og seie B! Derfor kjem her dagliljene i Koblenz som eg omtala i forrige innlegg. Legg merke til murkanten på bildet... I tillegg to andre bilder frå same området. Motivet på det eine bildet må vere av ei frøstjerne, det var ein høgreist og utruleg lekker plante. Men så er eg og spesielt glad i frøstjerner. Eg såg meg til sides og stal nokre frø, men dei var nok ikkje modne. I same hagen var der laga til blomster og pilfletting i kombinasjon, og på bildet er pilflettinga ei prinsessekrone.

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-88926240318819237352015-03-18T21:03:00.000+01:002015-03-18T21:03:40.049+01:00X-faktor svart og grønSå var det innspurten, og her har eg ein soleklar kandidat! Ifjor var eg i Koblenz og ute på Deutches Eck, landtunga der Mosel møter Rhinen. Eit flott område med statuer og beplantning, og der såg eg eit bed med ein fantastisk, svart daglilje! Wow! Eg hadde ikkje sett maken. Det var ikkje heilt lett å kome til bedet, eg måtte klatre opp over murkanter og pådro meg sinte tyske blikk. Attpå alt hadde eg gløymt fotoapparatet og måtte bruke mobilen... Vel heime etter turen, kva møter meg i hagen? Ein nydeleg, svart daglilje som etter mange år endeleg hadde funne det for godt å blomstre! Og nesten heilt lik dei eg såg i Koblenz! Fullstendig glømt bort av meg at eg hadde planta eingong. Heldigvis hadde eg namnelappen: "Night Beacon".

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com8tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-31630262963128866512015-03-16T15:07:00.000+01:002015-03-16T15:07:13.025+01:00X-faktor blåEit vanskeleg valg med mange flotte blå blomster i arkivet! Men eg landa på ein sommerblomst, ein type salvie trur eg... Innkjøpt som lita frøplante, og blomstra flittig i hagen min ein heil sommar. Og grunnen til at salvien gjekk sigrande ut i den blå konkurransen hos meg, var den ufatteleg intense blåfargen. Fint om noken kunne hjelpe meg med eit namn, så kan eg få den tilbake i hagen!

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com12tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-89616866026929079412015-03-14T19:14:00.000+01:002015-03-14T19:14:07.593+01:00X-faktor rødIkkje så mykje å seie her anna enn at det er ein aurikkel. Eg har eit par stykker i hagen, mest for hagetradisjonen og glede over at dei kjem i blomstring tidleg. Fine og robuste planter!

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com10tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-32029591471210167642015-03-13T12:49:00.001+01:002015-03-13T12:49:49.357+01:00Tyrkisk hasselTakk for alle hyggelege kommentarer om Hasselbror! I går var eg innom Botanisk hage for å sjekke om der var blomster på gang, men midten av mars er for tidleg. Tyrkisk hassel, Corylus colurna, var derimot i full blomstring. Eit praktfullt tre! Ein flott dag med vårsol i Botanisk hage, og triveleg var det og for ei stokkand som hadde dammen i Fjellhagen heilt åleine...

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-58435388661977542412015-03-12T16:05:00.000+01:002015-03-12T16:05:26.293+01:00X-faktor hvitEg er framleis i utolmodig tidlegvår stemning, og sjekkar kvar dag framdrifta på julerosene mine. Blomsterknoppen har no løfta seg opp frå jorda, og den kvite fargen tek til å synast. I påvente av full blomstring, her er arkivbilde av kvit julerose frå eit tidlegare år - inkludert humledronning på jakt etter mat.

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com8tag:blogger.com,1999:blog-1971225084545891994.post-11501755085257917092015-03-10T19:55:00.000+01:002015-03-10T19:55:59.289+01:00X-faktor gulSå var det gult bidrag. Og her var det mange bilder å velge mellom! Men ettersom eg er i tidlegvår modus, stoppa eg opp ved eit foto av busken Hasselbror, Corylopsis platypetala, i blomstring. Nydelege, akslignande blomster i ein sart, lysegul farge.  Busken er dessverre ikkje i min hage, men står i Botanisk hage på Tøyen der den har god plass å breie seg på. For dette er ein diger og omfangsrik busk, og eit imponerande syn når den viser seg fram i vårblomstringa!

Tigerliljehttp://www.blogger.com/profile/14162898610595812400noreply@blogger.com11