søndag 18. april 2010

Blått til lyst - og litt ulyst..



Våren her er blå! Overalt i hagen sprett opp scilla (ja, eg veit den har fått nytt namn, men det namnet hugsar eg ikkje...). Eg prøver å halde scillaen i hagen til austsida av hagetrappa, men det ser ut for at eg taper den kampen. Blå og fin kjem scillaen opp alle stader, til og med i plenen. Når eg spar opp bed, så tar eg ut scillaen og set løkane i store krukker. Flott dekorasjon til terrassen og så har eg kontroll!
Bildet er frå skråninga ovenfor motorvegen inn mot Skøyen. Der er det utrulege mengder av scilla! Eg klatra opp der med fotoapparat for å ta bilder av blomsterprakten, men medgir at eg har ikkje klart å vise scillafloraen slik som eg forestilte meg. Ikkje alltid lett å vere fotograf!
Idag såg eg til mi store glede at for første gang er der blomsterknopp på afrikalilja! Godt at eg var tålmodig og ikkje gav opp. No har eg ein nydeleg, blå blomst i vente!

torsdag 8. april 2010

Crinum - krinon, hakelilje



Dette er ein av favorittplantene min! Hakelilje tåler ikkje vinteren her hos oss, så eg dyrker den i ei stor krukke som eg kvar haust haler inn til kvileperiode i kjellaren. Så er det opp til driving inne i stova på seinvinteren, og ut i det fri når det er varmt nok i veret. Og så venter og håper eg på nydelege rosa blomster..... For det er slett ikkje kvart år at det skjer! Men eg synest den er så praktfull at hittil har eg vore tolmodig. Idag er det fortsatt stovestadiumet, diger og frodig står hakeliljen der med mengder av sideløk.
Bildet med kvite hakeliljer er frå Kirstenbosch bot. hage i Cape Town.

søndag 4. april 2010

Påskeliljer og undulater



For ein del år tilbake reiste vi på påskeferie til Førde. Vi var to vaksne, to barn og to undulater i bilen. På Vestlandet fekk vi eit skikkeleg snøver. Det lave ned med våt nysnø. Eit stykke før Hermansverk la eg merke til at i bakken og på jordet bak eit gardshus var det noke gult i snøen. Mannen min nekta plent å stoppe, men eg tenkte at på returen så skulle eg nok finne ut kva det gule var. På vei tilbake frå ferien hadde vi nydeleg påskever, og det meste av nysnøen var borte. Vi stoppa i veikanten nedanfor garden med det gule i snøen, og då såg eg at i bakken bak huset var det tusenvis av påskeliljer! Minst! Eg ringde på dørklokka på gardshuset og spurde om eg fekk lov til å sjå nærmere på påskeliljene. Det fekk eg lov til. Gardskona fortalde at bestanden av påskeliljer nok var ca 200 år. Men i tillegg kom der eit hjartesukk som viste at dei var nok ikkje var altfor glade i påskeliljene :"For vi får no ikkje noke gras.....".
Så var det undulatane. I Førde forelska den gule undulatdama vår seg i ein grøn undulathann. Ho gløymde fullstendig den blå mannen sin. Oppgjerets time kom på tilbaketuren, på ferjekaia i Dragsvik. Dei slost så fjøra fauk og blodsdropar pipla fram. Vi måtte ta den blå hanfuglen ut av buret og la han flyge fritt i bilkupéen. Han likte særleg godt å sitte på rattet. Kvar gang vi snurra på rattet, flytta han seg slik at han fortsatt sat på toppunktet. Eg hugsar at vi vart lagt merke til i køen på Sollihøgda....
Påskeliljene er frå Arboretet og Botanisk Hage på Milde. Skulle gjerne vist påskeliljeenga frå Hermansverk, men turen er før den digitale fotoalder...