søndag 21. november 2010

Julemarked i Botanisk hage på Tøyen 27.11.10

Mange kjenner til Vårtreffet som Botanisk hages Venner arrangerer om våren.  BhV har og saman med NHM  eit julemarked med bl.a. salg av frø. Det er eit svært hyggeleg marked med fin førjulsstemning, og fleire aktiviteter for barn.  I år er det også juleplanteomvisning i Veksthusa. Sjå elles linken til Botanisk hages Venner oppe til høgre.

lørdag 20. november 2010

Påfyll med sol og varme

Vi har vore nokre dager i Egypt. I forkant var vi einige om at denne ferien skulle berre vere avslapping, sol og badeliv. Koffertane vart pakka med bøker, tidsskrift, gamle aviser, sudoku,  kryssord,  badeutstyr  og sommerkle. Og vi fekk det vi ønska oss, ein god solferie! Her er eit par blomsterbilder, særleg den gule busken var heilt praktfull! Eg såg mange linerler der vi budde, kanskje det var "våre" som hadde klart den lange flyturen sørover?

søndag 7. november 2010

Sporvehauken - også ein gjest på fuglebrettet...

Denne vesle rovfuglen har verkeleg fått med seg fordelane ved å bo i byen! Fuglebrett med småfuglar, stor bestand av skjorer, byduer og trast, eg skjønar godt at han flytter ut av skogen... Sporvehauken er ingen sjelden gjest her i hagen, og da særleg på vinteren. Ofte ser eg han sitje i toppen av eit tre eller ein stolpe, og da planlegg han sikkert neste angrep mot fuglebrettet: Skal det vere snittflyging rundt hushjørnet eller rett på? Bildet er teke gjennom vindauga. Eg sat i stolen innafor, og såg plutseleg at sporvehauken sat på støtterøret til rosestativet. Merkeleg nok var fotoapparatet i nærleiken. Dette er mitt bidrag til Frøken Hagegjest 2010. Klikk inn i bildet for å sjå fuglen bedre.

fredag 5. november 2010

Tranebær - ikkje berre for traner

Seinhaustes for nokre år sidan var vi tur i marka. På vegen tilbake ville mannen min  gå i skiløypa. Eg protesterte, meinte å hugse at løypa gjekk over nokre store myrar. Men han heldt på sitt, og ettersom eg hadde støvlar og han joggesko, så gav eg meg.  Så kom vi til myra, og der var det ikkje råd å komme over med joggesko. Men idet eg skulle seie "kva var det eg sa", såg eg ned for føtene mine. Og der var det tranebær! Nydelege mørkeraude, runde tranebær som låg så vakkert i kvitmosen. Så vi tok oss sakte rundt myrkanten og plukka alle tranebæra vi kunne finne. Heretter har eg kvar haust lagt ein tur innom myra for å sjå etter bær.  Eg bruker dei på same måten som tyttebær. Det går ikkje fort å plukke tranebær, som regel vert det berre nok til pynt på fat eller ein liten porsjon med rørte bær. Men eg synest det er det mest eksklusive ville bæret eg kan finne og plukker gjerne.  Så eit råd frå meg: På med støvlane og ut på myrane og leit etter tranebær! Apropos traner, det er ein fugl eg har til gode å sjå i norsk natur, men som eg svært gjerne skulle oppleve ein gang.