onsdag 21. oktober 2015

Eldre husmor på nye matveier

Eg medgir at eg er ganske så tradisjonell når det gjeld matlaginga mi. Men ein sjeldan gang oppdager eg noke nytt, og vert stormande begeistra. Når det gjeld bruk av graskar, så er einaste bruken eg har kjent til ifrå barndomen min. Mor mi la på glas bitar av graskar i sursøt lake med ingefær, og brukte det som tilbehør til kjøtrettar. No har eg prøvd ut suppe av graskar og det er godt! Her er eit Stilleben av det eg brukar i min variant av suppa. Basis er innkjøpt flaskegraskar. Halloweenfeiring har eg eit avmålt forhold til, men servering av graskarsuppe den kvelden, det kan eg gå med på!


lørdag 10. oktober 2015

En sommer er over

men minnene om den består... Det var Kirsti Sparboe som sang - dersom eg hugsar rett. Og det har vore ein sommar med mange hagegleder. Litt tilbakeslag her og der, liten kålsommerfugl åt opp grønkålen før eg vart obs på han, dei store tomatane fekk ikkje nok sol og engletrompeten gav meg berre fire blomster i år. Men elles var det storarta! Og no er det haust i hagen. Nokre få planter står fortsatt i blomst: Anisisop Agostache foeniculum, Haustanemone Anemone hupenensis og Haustormedrue Actaea (Cimicifuga) simplex "Pink Spike". Særleg den siste er utruleg nydeleg med mørk raude blad. Mange ormedruer likar skygge, men denne her må stå i sol for å gi god blomstring. Haustanemonene har blomstra flott og lenge i år, så der er fine hagegleder enno. Så det neste vert rydding av krukker, deling og flytting av stauder, planting av løk, kort sagt gjere klart og glede seg til neste sesong!