søndag 11. august 2013

Sommardessert pynta med agurkurt

Har du søndagsdesserten klar? Dersom ikkje, så er her eit forslag: Bringebær og markjordbær marinert i konsentrert hylleblomstsaft og pynta oppå med blå og kvite agurkurtblomster samt sitronmelisse! Eg garanterar at det smakar bra. Agurkurt er forresten favorittplanta til humlene i hagen min. Og det er no slik at har du ein gang planta agurkurt i hagen, så har du han overalt seinare. Det synest både eg og humlene er rett så bra! Men eg har ikkje klart å finne ut om humlene foretrekke blå eller kvite blomster...



torsdag 8. august 2013

Verdas eldste vinstokk

Eg har vore på ferietur i Sør-Europa. Reine amerikanske opplegget, 4 land på ei lita veke! Men når avstandane ikkje er så store så går det fort unna. I byen Maribor i Slovenia vart vi presentert for verdas eldste vinstokk (vart det sagt) som skulle ha den formidable alder av 440 år. Dei modne druene er mørk blå, og årleg vart det laga ca. 30 liter vin av druene frå denne gamle vinstokken. Og vinen var ikkje for kven som helst, nei. Her måtte du vere kjendis i øverste klasse for å få smake ein liten drope...



tirsdag 6. august 2013

Mår på Møre

Bror min på Møre har siste åra hatt besøk i hagen av ein mår. Og det måren likar å ete er stikkelsbær! Dei siste åra har måren dukka opp i hagen akkurat når stikkelsbæra er modne, han har tydelegvis lagt det inn på sjekklista si. Og bror min skriv som vanleg at no må eg skunde meg til Møre dersom eg skal skal plukke stikkelsbær. Vel, eg var der tidlegare i sommar (seks dagar med regn!), heretter skal eg følge med og reise dit når høgtrykka er på veg inn....