onsdag 15. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven - restfarger


Eg hadde planlagt å vise ein lekker, svensk iris, men kom til at no får eg finne fram noke frå eigen hage. Og då vart det primula 'Green Lace' med grøne blomster! Det tok eit par år før eg gjekk over frå å omtale primulaen som rar, merkeleg, nesten stygg til - ja eg strekker meg til "interessant". Men når det er sagt, så er 'Green Lace' både hardfør og blomstervillig - og det er vel det viktigaste!

mandag 13. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven - orange

Så klart eg vel tigerlilje til orange kandidat! Ein av mine mange favorittblomster, men eg har dessverre aldri fått til dyrking av tigerlilje i hagen min. Tigerlilja på bildet veks i Oldemors hage på Tøyen. Eit skikkeleg optimistisk kontrastbilde, nesten så det hjelper på forkjølinga mi her eg sit med ein stabel papirlommetørkle og kjempekrus med varm te.....

lørdag 11. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven LILLA - kubjeller

Dette er eit av yndlingsbilda mine. Struttande kubjeller fra fjellhagen til UiB på Milde. Her var vi eingang ein tidleg vår. Det var ikkje så mykje som blomstra ennå, men kubjeller, gulveis, tidlege tulipaner og primula sto så vakkert i fjellhagen. Og det var så nydeleg med kontrasten mellom små blomster og lys stein... På andre sida av vegen, i Arboretet var ein del tidlege rhododendronsortar i blomst saman med påskeliljer av forskjelleg slag. Det er vel verdt å legge ein tur til Fjellhagen og Arboretet på Milde!

lørdag 4. februar 2012

Svenske frøgleder

I januar fekk eg frøkatalog - heilt uventa - frå Gøteborg botaniske hage. Eg kan ikkje motstå frøkatalogar, iallefall ikkje når snøen laver ned og minusgradene kryp nedover. Så her vart ordre sendt avgårde, og no er frøa i hus. Her er noke av det eg fekk. Amaranthus caudatus 'Dreadlocks'. Sitat: "Den här sorten tar alla pris og gör verkligen skäl för sitt namn, en mörkröd rasta-fläta."Dernest handla eg Agastache pallidiflora ssp. neomexicana 'Rose Mint'. Om denne sto det "Blommar tacksamt hela sommaren, älskad av bin, fjärilar och människor!". Og så måtte eg ha Dolichos lab-lab 'Ruby Moon'! Tekst her: "Mycket dramatisk växt med mörkt, rödanstruket bladverk og ljust purpurfärgade blommor. Efter blommingen bildas mörkt purpurfärgade baljor som er ätbara". Slik omtale kan ikkje eg motstå! Bildet er av revehalane eg hadde i hagen i sommar. Det var første gang eg sådde revehale. Dei blomstra lenge, gjorde masse ut av seg og var ein flott sommarplante.