tirsdag 29. mai 2012

Ramsløk - vakker og illeluktande

No blomstrar ramsløken i hagen! Og slik ein vakker og elegant blomst med det frodige bladverket!  Legg merke til at eg skreiv vakker før illeluktande.... Så ille er ikkje lukta forresten. Blada er eit ypperleg råstoff til pesto for dei med dristig smak.  Og dersom ein ikkje vil lage pesto, så er eit grønt bladdryss over salaten eller aromasmør ein fin måte å nytte planten på. Så har du ikkje ramsløk i hagen, gå ut i naturen og plukk! Husk berre på at liljekonvall kan vere lik i blada, ta alltid ein luktprøve...

onsdag 16. mai 2012

Løvetann - mitt favorittugras!


Det er noke med meg og løvetann. Eg synest det er ein fantastisk plante, så lysende skinande gul, struttande av kraft og optimisme... I tillegg har eg mine gode barndomsminner der eg  laga lange lenker av løvetannstilkar med klissete fingrar. Mor mi visste at løvetannblad kunne brukast som salat, men det vart aldri utprøvd i heimen. I vaksen alder har eg lært at blada må bleikast for å få bort bittersmaken, dvs eg har også lest at det ikkje nyttar, ein bitter løvetann forblir ein bitter løvetann. Sjøl fekk eg ein salatløvetann av ei veninne. Det var ein skikkeleg broilerløvetann som kom opp med ein kjempeblomst! Den tok eg bort, tenk om den sette frø! Det viste seg at salatløvetanna var for tander for norsk klima og forsvann første vinteren.  Løvetannblomst - berre det gule - er fint til å produsere gelé av. Og skikkeleg laga løvetannvin kan vere utruleg god! Her er ei oppskrift på saft frå Inger-Lise Østmo: 1 l løvetannblomst uten det grøne, 1 l vatn, 1 kg sukker, 1 pose sitronsyre 25 g. Legg blomster, sukker og sitronsyre i plast- eller stålkjele, hell kokende vatn over og la trekke 3 - 5 dager. Sil fra og bland med vatn etter smak og behag. Kan frysast.

søndag 13. mai 2012

Vår i hagen!

Mai månad har vore kald og regnvåt.  Men blomster dukkar opp i hagen, og vi skal vel sjå positivt på at blomster varer lenger i slikt ver? Her er noke av det som gled meg no: Primula, trillium og vårskjærminne!