Eg har klaga over snøfall langt ut i april, men når eg tenker meg om så er det slett ikkje uvanleg. Rett før påske i 1998 var vi i København, og der kom det eit uventa og skikkeleg snøfall. Det ramla ned med våt snø, ikkje snakk om å spasere i bygatene i lavesko! I staden gjekk vi på kino og såg "Titanic" og "Good Will Hunting" med Matt Damon. Og så var det fiolane. Eg kjøpte med meg heim ei krukke med fioler, og dei vart etterkvart planta ut i hagen. Her er etterkomarane!
Nærbilder fra Skyggebalkongen
for 2 måneder siden