Eg har vore på busstur i Tyrkia, og reiste frå Istanbul i nord til Antalya i sør, gjennom vekslande klima og natur. Tyrkia gjer krav på å vere heimlandet til tulipanen, og i Istanbul var det ufatteleg flotte tulipanbed. I nord blomstra judastreet,
Cercis siliquastrum, overalt. Ifølge legenda var det i dette treet Judas Iskariot hengde seg, og av skam skifta blomstrane farge frå kvitt til raudt. Enten det er no slik eller slik, eg synest det er eit nydeleg tre! Så er det bilde av kjempefenikkel,
Ferula communis. Bilde er forresten teke i Troja. Og til slutt eit foto av kornvalmuer, eg er som alltid like sjarmert av valmuer. Det kan ikkje vere heilt få kornvalmuebilder eg har i bildefilene mine...