torsdag 12. september 2013

Gjett kven som ikkje har brukt sykkelen på lang tid....

I dag var eg faktisk inne på tanken om å ta ein sykkeltur. Men når eg såg kven som hadde teke den i bruk, ja, så kunne eg no ikkje det....



torsdag 5. september 2013

Frå hagen min akkurat no

Det har vore ein slik fin haust med langvarig blomstring i hagen! Så mykje å glede seg over! Først er det revehalen, Amaranthus, som har strekt/senka seg til nesten ein meter. Og tenk, det var eit frø frå i fjor som spirte i kannakrukka  inne til driving. OK, greit tenkte eg, då skal du få ein sjanse og bli med ut i hagen. Snakk om flott resultat!


På hagebordet står det som - kanskje - heiter ein rosenknopp pelargonia. Eg har hatt han i mange år, og namnet har blitt borte for meg. Fin uansett!


Her er dusksalvie 'Pink Sundae' og ein god del anna. Favoritthjørnet til humler og bier!


søndag 11. august 2013

Sommardessert pynta med agurkurt

Har du søndagsdesserten klar? Dersom ikkje, så er her eit forslag: Bringebær og markjordbær marinert i konsentrert hylleblomstsaft og pynta oppå med blå og kvite agurkurtblomster samt sitronmelisse! Eg garanterar at det smakar bra. Agurkurt er forresten favorittplanta til humlene i hagen min. Og det er no slik at har du ein gang planta agurkurt i hagen, så har du han overalt seinare. Det synest både eg og humlene er rett så bra! Men eg har ikkje klart å finne ut om humlene foretrekke blå eller kvite blomster...



torsdag 8. august 2013

Verdas eldste vinstokk

Eg har vore på ferietur i Sør-Europa. Reine amerikanske opplegget, 4 land på ei lita veke! Men når avstandane ikkje er så store så går det fort unna. I byen Maribor i Slovenia vart vi presentert for verdas eldste vinstokk (vart det sagt) som skulle ha den formidable alder av 440 år. Dei modne druene er mørk blå, og årleg vart det laga ca. 30 liter vin av druene frå denne gamle vinstokken. Og vinen var ikkje for kven som helst, nei. Her måtte du vere kjendis i øverste klasse for å få smake ein liten drope...



tirsdag 6. august 2013

Mår på Møre

Bror min på Møre har siste åra hatt besøk i hagen av ein mår. Og det måren likar å ete er stikkelsbær! Dei siste åra har måren dukka opp i hagen akkurat når stikkelsbæra er modne, han har tydelegvis lagt det inn på sjekklista si. Og bror min skriv som vanleg at no må eg skunde meg til Møre dersom eg skal skal plukke stikkelsbær. Vel, eg var der tidlegare i sommar (seks dagar med regn!), heretter skal eg følge med og reise dit når høgtrykka er på veg inn....


torsdag 25. juli 2013

Tibouchina og bredflatbelg

Endeleg kom varmen til stor glede for både meg og hagen! Humler og bier har dukka opp, (eg har vore bekymra over å sjå så få i hagen) og jobbar ivrig i hagevillnisset mitt. For ei tid tilbake kom eg over på torget ei plante som var satt ned til halv pris. "Tibouchina" sa selgeren. Heilt ukjent for meg, men eg let meg friste - halv  pris! - og bar planta heim. Så vart det omplanting i større krukke og litt god jord, og resultatet er flott blomstring! At eg må ordne overvintringsplass inne til vinteren har eg så langt fortrengt...Bredflatbelgen, Lathyrus latifolius, fekk eg av ei veninne i fjor med beskjed om å stelle pent med planta slik at det vart frøavling. Stellet i fjor var nok så som så, men bredflatbelgen overlevde til min store forbløffelse vinteren, og har no klatra 2 m opp på husveggen. Mengder av rosa blomster, men utan duft. Og i tillegg til å vere ein dekorativ klatreplante så likar humlene bredflatbelgen!



lørdag 6. juli 2013

Bogstad Gård og fruefiolen

Bogstad Gård er ein flott herregard som var i privat eige til midten av femtitalet. Ein av dei tidlegare eigarane var Peder Anker. Han var Norges første statsminister etter 1814. Rundt hovedhuset er der eit stort parkanlegg.


For nokre år sidan starta oppgradering og rehabilitering av parken, bl. a med nye bed og anlegg av hagedammer slik dei hadde vore tidlegare. Plantene som er brukt i beda er etter ei planteliste fra 1792. Staudene i beda var mange gamle kjenningar som daglilje, iris, bondepeon, busknellik og  akeleiefrøstjerner. Men i bedet dukka det også opp - for meg - ein heilt ny hageplante, nemleg Fruefiol - Hesperis matronalis. Eg grubla kva det kunne vere for blomst med så nydeleg duft som for meg var heilt ukjent! Heldigvis for oss som går i parken, vi blir informert... I ein kasse låg ark med namn og detaljer over plantene som var sett ut. Slik fekk eg vite at namnet var fruefiol.  I dag var eg tilbake for å ta bilde av fruefiolen, og det var dei aller siste restane som no sto igjen i blomst. Dersom eg ikkje hugsar heilt feil såg eg forrige gang både rosa og kvit fruefiol i tillegg. I ei av hagebøkene mine sto at det var ein staude som passa best der den kunne vekse litt fritt og gi inntrykk av ein villhage. Med andre ord - perfekt hos meg!