mandag 22. juni 2015

Pallekasse med planter for humler

Tidleg i vår gjekk eg til innkjøp av pallekasser. I den eine kassa sådde eg  frø av humleattraktive planter som honningurt, ringblomster, salvie og frøpose med humleblomstblanding. Kald vår og forsommar gjer at småplantene har vokse seint og kan så langt ikkje by på mat til humlene. Heldigvis har eg blomstrande stauder i hagen, og akkurat no er det i akeleiene humlene surrar rundt. Humla på bildet ser litt tvilrådig ut: Er inngangen i akeleier frå toppen, frå sida eller kanskje nedanfrå?



fredag 29. mai 2015

Tulipaner både her og der

Eg har ganske mange tulipaner i hagen, men det som forundrer meg er at dei dukkar opp på dei mest uventa stader, slik som under solbærbuskene og midt inne i rhododendrongruppa. Forstå det den som kan. Fine og til stor glede er dei uansett plassering!


fredag 15. mai 2015

17. mai nærmer seg, her er raudt, kvitt og blått frå hagen

Nokre fine, varme dagar har gjort susen for hagen. Det spirer i pallekarmane mine,  planter og busker har fått fart på seg. Vi skal feire nasjonaldagen om to dagar, og her er frå hagen i flaggfargane. Rhododendronen er gode, gamle 'Cunninghams White', som no blomstrer på det finaste til glede for meg og humler. Og så går vi inn i rabarbratid! Rabarbrasyltety med ingefær, det er det beste eg kan tenke meg utpå vinteren. Kvannen min har overlevd vinteren, så eg skal i tillegg prøve rabarbrasyltety med kvann!






fredag 8. mai 2015

Åkerhumle inn for landing!

Så er humlene tilbake i hagen for fullt. Og favorittplanta er lungeurt! Her er travle åkerhumler, trehumler og steinhumler. Eg prøver å fotografere dei, men det er inga lett oppgave. Godt med digitalt kamera og slettefunksjon. Dette bildet kom heilt tilfeldig, synest det er litt artig...


tirsdag 5. mai 2015

Blomsterbilder frå Tyrkia

Eg har vore på busstur i Tyrkia, og reiste frå Istanbul i nord til Antalya i sør, gjennom vekslande klima og natur. Tyrkia gjer krav på å vere heimlandet til tulipanen, og i Istanbul var det ufatteleg flotte tulipanbed. I nord blomstra judastreet, Cercis siliquastrum, overalt. Ifølge legenda var det i dette treet Judas Iskariot hengde seg, og av skam skifta blomstrane farge frå kvitt til raudt. Enten det er no slik eller slik, eg synest det er eit nydeleg tre! Så er det bilde av kjempefenikkel, Ferula communis. Bilde er forresten teke i Troja. Og til slutt eit foto av kornvalmuer, eg er som alltid like sjarmert av valmuer. Det kan ikkje vere heilt få kornvalmuebilder eg har i bildefilene mine...




torsdag 23. april 2015

Fioler, Titanic og Matt Damon

Eg har klaga over snøfall langt ut i april, men når eg tenker meg om så er det slett ikkje uvanleg. Rett før påske i 1998 var vi i København, og der kom det eit uventa og skikkeleg snøfall. Det ramla ned med våt snø, ikkje snakk om å spasere i bygatene i lavesko! I staden gjekk vi på kino og såg "Titanic" og "Good Will  Hunting" med Matt Damon. Og så var det fiolane. Eg kjøpte med meg heim ei krukke med fioler, og dei vart etterkvart planta ut i hagen. Her er etterkomarane!


tirsdag 14. april 2015

No må vinteren gi seg!

Eg synest faktisk det er nok no! Men håpet er at det går fort over og vert opp i regn, noke som vi treng ute i hagen. Bilete av snødekt vårkornell, diverse juleroser og scilla. Legg merke til røret bak julerosene. Eg har flytta humlekassa mi i håp om at ny lokalitet vil friste ei humledronning til innflytting.