søndag 21. november 2010

Julemarked i Botanisk hage på Tøyen 27.11.10

Mange kjenner til Vårtreffet som Botanisk hages Venner arrangerer om våren.  BhV har og saman med NHM  eit julemarked med bl.a. salg av frø. Det er eit svært hyggeleg marked med fin førjulsstemning, og fleire aktiviteter for barn.  I år er det også juleplanteomvisning i Veksthusa. Sjå elles linken til Botanisk hages Venner oppe til høgre.

lørdag 20. november 2010

Påfyll med sol og varme

Vi har vore nokre dager i Egypt. I forkant var vi einige om at denne ferien skulle berre vere avslapping, sol og badeliv. Koffertane vart pakka med bøker, tidsskrift, gamle aviser, sudoku,  kryssord,  badeutstyr  og sommerkle. Og vi fekk det vi ønska oss, ein god solferie! Her er eit par blomsterbilder, særleg den gule busken var heilt praktfull! Eg såg mange linerler der vi budde, kanskje det var "våre" som hadde klart den lange flyturen sørover?

søndag 7. november 2010

Sporvehauken - også ein gjest på fuglebrettet...

Denne vesle rovfuglen har verkeleg fått med seg fordelane ved å bo i byen! Fuglebrett med småfuglar, stor bestand av skjorer, byduer og trast, eg skjønar godt at han flytter ut av skogen... Sporvehauken er ingen sjelden gjest her i hagen, og da særleg på vinteren. Ofte ser eg han sitje i toppen av eit tre eller ein stolpe, og da planlegg han sikkert neste angrep mot fuglebrettet: Skal det vere snittflyging rundt hushjørnet eller rett på? Bildet er teke gjennom vindauga. Eg sat i stolen innafor, og såg plutseleg at sporvehauken sat på støtterøret til rosestativet. Merkeleg nok var fotoapparatet i nærleiken. Dette er mitt bidrag til Frøken Hagegjest 2010. Klikk inn i bildet for å sjå fuglen bedre.

fredag 5. november 2010

Tranebær - ikkje berre for traner

Seinhaustes for nokre år sidan var vi tur i marka. På vegen tilbake ville mannen min  gå i skiløypa. Eg protesterte, meinte å hugse at løypa gjekk over nokre store myrar. Men han heldt på sitt, og ettersom eg hadde støvlar og han joggesko, så gav eg meg.  Så kom vi til myra, og der var det ikkje råd å komme over med joggesko. Men idet eg skulle seie "kva var det eg sa", såg eg ned for føtene mine. Og der var det tranebær! Nydelege mørkeraude, runde tranebær som låg så vakkert i kvitmosen. Så vi tok oss sakte rundt myrkanten og plukka alle tranebæra vi kunne finne. Heretter har eg kvar haust lagt ein tur innom myra for å sjå etter bær.  Eg bruker dei på same måten som tyttebær. Det går ikkje fort å plukke tranebær, som regel vert det berre nok til pynt på fat eller ein liten porsjon med rørte bær. Men eg synest det er det mest eksklusive ville bæret eg kan finne og plukker gjerne.  Så eit råd frå meg: På med støvlane og ut på myrane og leit etter tranebær! Apropos traner, det er ein fugl eg har til gode å sjå i norsk natur, men som eg svært gjerne skulle oppleve ein gang.

torsdag 28. oktober 2010

Humle - ein gamal kulturvekst

Humle er ikkje ein plante eg kjenner frå barndomen av. Ikkje voks den vill, og ikkje var humle planta i hagane på min heimestad. Humle har vore dyrka i Norge heilt tilbake til vikingtida, og hadde fleire bruksområder enn ølkrydder. Eg synest humle er ein fasinerande vekst med lang kulturhistorie, og i tillegg ein eksotisk klatreplante.  Det  må vel vere den planta som greier å strekke seg lengst i løpet av sommeren!   Men planen min om å sette humle attmed ein stolpe rett utanfor hagen vart nedstemt av mannen min. Han hadde humle i sin barndoms hage, og syntest slett ikkje om den!  Så her vart det ikkje planta, i staden får eg glede meg over å sjå humle andre stader. Humlebilda er frå turen til Berlin i september.

fredag 22. oktober 2010

Tankar om rogn og rognebær

I natt kom første snøen! Ikkje store mengder, og mesteparten er allereie borte. Og no sit eg her og lurer på sammenhengen mellom snø og rognebær. Eg har høyrt at når det er mykje bær så vert det lite snø - og det stikk motsatte har eg også sett! Men her er det ikkje rognebær i år, korleis vert det då med snø? Nok om det, men eg skulle gjerne funne nok bær til  eitt par glas med gelé. Rognebærgelé og sylta portulakk står øverst på lista mi av viktige heimeprodukt til vinteren. Kanskje eg skal ønske meg ein rogn i hagen til julegåve? Eit tre som har alt, fine blomster, fargerike og nyttige bær, flotte haustfarger på blada, og så kjem den nydelege sidensvansen og tar resten av bæra..... I mangel av rognebær så er det bilde av ein hagtorn. Her var det i alle fall nok frukt!

lørdag 16. oktober 2010

Blå innslag i det haustgule

I sommer renska eg svarthyllen for alle blomster det var mogeleg å nå i med rimeleg strev. Når eg no seinhaustes kom etter bær, så var dei sjølsagt høgt i toppen på buskene...  Då var det berre ein ting å gjere: Heim etter bil, mann og gardintrapp. Ein del hyllebær fekk vi tak i, og resultatet av haustinga vart nokre få glas med gelé. Og ein ting er sikkert, geléen er verkeleg god!
Det er framleis nydeleg haustver som må nytast.  På turen min idag kom eg forbi eit kratt med slåpetorn. Slåpetorn veks på strendene her, tørre bakker og ute på øyane. Slåpene har ein snerpete smak som minner om heggebær. Dei vert visstnok bedre på smaken etter nokre frostnetter. Sjøl har eg berre brukt slåpene til likør, og det var eit fortreffeleg produkt!