Eg er så heldig at naboen min har ein diger vårkornell i grensa mellom hagane våre. Busken er gamal og må vere henimot 5 m høg. I år er det sein blomstring på grunn av den kalde vinteren, først no står vårkornellen der med mengder av små, lysegule blomster. Det passa bra at blomstringa kom til påske! I gode år kjem der mørkeraude steinfrukter seinhaustes, og eit år ville vi finne ut korleis syltety av bæra smaka. Steinen i bæra sit fast i fruktkjøtet, så vi måtte presse bærmassen gjennom ei grov sikt. Altså ein del arbeid. Og smaken? Greit nok, men den store smaksopplevinga var det ikkje. Så no får trasten ha bæra i fred.
En skikkelig koselig påskeblomstring.. jammen er det deilig med vår. God Påske!
SvarSlettFlott blomstring som var bra timet med påsken. Trasten setter sikkert pris på å ha bærene for seg selv og så er de vel dekorative også.
SvarSlettHa en fin påske.
Tusen takk for kommentarer! God Påske til Parkvegens hageglede og Mariann og alle andre som er innom bloggen min!
SvarSlett