Vi har hatt gjestar frå Vestlandet i jula. Dei veit kva eg set pris på, og hadde derfor med ein diger bukett med eføy. Eg sluttar aldri å forundre meg over ei plante som blomstrar på vinteren! Elles, på veggen utanfor heng rockeringen min. Nyttårsløftet får vere at eg skal klare å rocke like bra til begge sider. Idag får eg det til berre mot klokka...Godt nyttår til alle hagebloggerane der ute, og takk for alle morosame og nyttige innlegg!


