Eg kjøpte tidleg i sommar tre små mangoldplanter. At det skulle verte noke av dei hadde eg ikkje så stor tru på. Sommaren har ikkje vore den store, men vi slepp no å vatne ute.... Sneglane har ete opp koriander og persille, portulakk og basilikum nektar å vekse. Men mangoldplantene slo til! Dei er så dekorative der dei står i utkantene av eit bed. Frodige med flott fargekontrast mellom blad og stilkar. Ettersom dette er eit prøveprosjekt har eg tenkt å servere dei til testing i søndagsmiddagen, og har no vore ute på nettet og prøvd å finne ut korleis mangold skal brukast. Som spinat står det, og då vert det kanskje suppe eller stuing av blada. Stilkane er det delte meiningar om, noken seier dei er treete og smaken bitter, andre synest dei er OK. Kankje eg skal dra fram wok-gryta og prøve dei i ein grønnsakblanding?
Nærbilder fra Skyggebalkongen
for 2 måneder siden
Jeg hadde mangold i fjor, men er ikke så flink til å bruke alt jeg sår.
SvarSlettJeg brukte både bladene og stilken i wok og det var helt supert!
Lykke til! Klem
Flotte og dekorative planter :-)
SvarSlettDen var skikkelig dekorativ, ja! Og sikker veldig sunn også :)
SvarSlettDet blei mangold i wok-gryte. Testpanelet wokka mangolden aleine for å få fram eigensmaken, og synest det smakte svært så bra. Sprø, fine stilkar som passa ypperleg i wok. Rett nok merka vi slektskapet med rødbet, så neste gang vil eg nok bruke mangold i ein blanding.
SvarSlettSuppen var nydelig den også! :)
SvarSlett