Eg har fått frø av indisk lotus,
Nelumbo nucifera. Det er digre frø med hardt skal, og frøa må rubbast dersom det skal vere håp om å få dei til å spire. Ganske enkelt - trudde eg.... Tang til å halde frøa med og så eit utval med sandpapir frå skismørehylla til mannen. Så satte eg i gang. Tanga var det ikkje noke hjelp i, her gjaldt det å halde på frøet mellom fingrane og file i vei. Det tok tid og såre fingrar. Men no ligg frøa i vatn på eit glas, og skal visstnok spire om 6 - 7 dagar. Det er i alle fall lov å håpe på det!
Kanskje blir resultatet slik?
Denne var flott. Håper virkelig du får de harde frøene til å spire.
SvarSlettLykke til! Klem
Spennende prosjekt! :) Dersom du blir hektet på lotus kan nok en frakturholdetang være tingen for å få godt tak, fåes hos Ruuds der du handlet flisepinsett for meg.
SvarSlett