Endeleg! Der kjem opp dei første spirane på canna-knollane. På min vanlege slomsemaner har eg ikkje merka i haust fargane på knollane før eg lagra dei. Eg vonar det er av den gule sorten, men når det er sagt så er eg takknemleg for det eg får. Skjærtorsdag hadde eg ein middagsgjest. Han hadde med ein bukett med mimosagreiner. Så fine og med nydeleg duft. Og så, for å fortsette med det gule, bilde av eit påskeegg malt av eit lite barn for mange år sidan.
Nærbilder fra Skyggebalkongen
for 2 måneder siden