Så var det opp frå kjellaren med hakelilje-
krukkene. Eg må medgi at eg ikkje har knekt koden når det gjeld å få dei til å blomstre. Starte tidleg/seint med driving, mengde gjødsel/vatn, stor krukke eller vil hakeliljene ha det trangt? Iallefall, hakelilje er utruleg vakker og verdt strev og tolmod! Avisene har skrive i det siste om kåring av Norges beste blogg. Det tok litt tid før eg skjøna at det ikkje gjaldt alle typer blogg, men spesielt ein der eg ikkje er i målgruppa.... Så derfor min variant av rosablogg idag! Lewisia frå Botanisk hage UiB på Milde, og rhododendron yakushimanum 'Ballkönigin' frå hagen her.