Anne på Moseplassen inviterer til ny konkurranse, og denne gangen skal vi sjå framover til vår og sommer. Vi skal finne fram eit blomsterbilde med farger og sol! Dersom du vil lese meir om konkurransen, så klikk på bildet for å følge linken. Det var ikkje enkelt å bestemme seg for eit bilde til konkurransen. Så mange hyggelege hageminner og blomsterbilder frå ferieturer dukka opp i bildefilene mine. Men her er det eg landa på, ein kapersblomst ifrå Samos. Eg synest kapersblomsten er utruleg vakker! Som regel ser vi kapersplanten som slyngplante i lange ranker langs fjellvegger og murer, og han er vanleg rundt heile Middelhavet.
