Viser innlegg med etiketten crocus speciosus 'Conqueror'. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten crocus speciosus 'Conqueror'. Vis alle innlegg

søndag 6. november 2011

Haustkrokus

Eg kunne ikkje fatte kvar haustkrokusen i hagen kom ifrå. Noke eg knapt nok visste eksisterte. Så demra det for meg: Det var Crocus speciosus 'Conqueror' som eg kjøpte i Berlin ifjor! Slik går det når ein kjøper etter farge og ikkje les på pakken.... Fargen er aldeles nydeleg, men krokusen har lange stilker som ikkje toler noke særleg regn. Og eg antar at dei skulle ha åpna seg, men det har ikkje skjedd. Kanskje veret er altfor surt og med for lite sol? I alle fall, ei hyggeleg overrasking i novemberhagen!