fredag 28. oktober 2011

Kåseri rundt Beatles og botanikk

På søndag skal eg til Zoologisk museum på Tøyen for å høyre professor Klaus Høiland snakke om Beatles og botanikk! Han har kalla kåseriet sitt "Norsk furupanel, barndommens jordbærmarker og valmuene i Penny Lane". Eg siterer frå kåseriomtalen:
"The Beatles' tekster har vært endevendt av forståsegpåere for å finne alle slags budskap, enten det er dop, sex, politikk eller at Paul angivelig skulle være død. Særlig det siste har medført mye utrolig morsomt vås! Pussig er imidlertid at ingen av nevnte forståsegpåere har interessert seg for de relativt (til poptekster å være) mange biologiske referansene i tekstene. Kanskje fordi popen er urban og dens tolkere enda mer urbane?"
Eg trur det vert eit morosamt foredrag! Her er link til sida med omtale.

fredag 21. oktober 2011

Amazonaslilje - ein fantastisk vakker plante

Eg har ikkje den store sansen for "shopping". Men når det er sagt, så er det ein sort butikkar eg alltid stoppar ved: Blomster- butikkar! Og som regel endar eg opp inne i forretninga for å sjå på - og ikkje minst nyte vakre og flotte blomster. For ei tid tilbake var eg innom favorittbutikken. Der er det alltid masse lekkert i planteveien, på seinvinteren brukar dei å ha store greiner med magnolia...... Og denne gangen fekk eg syn på ein fantastisk flott plante med blanke blad og kvite, hengande blomster. "Det er Eucharis", sa dama i butikken. "Og den er sett ned til halv pris, berre kr. 399,00!" Åja, eg var sterkt frista. Men samtidig tenkte eg, at planta passa ikkje heilt inn heime hos meg. Rette plassen ville vere på eit glasbord i ein minimalistisk leilighet med resten av interiøret i børsta stål og krom. Og slik er det ikkje heime hos meg...
Bildet har eg funne på nettet.

torsdag 13. oktober 2011

Ipomeaen som kom inn fra kulden

Ipomeaen min har ikkje synest om sommaren. For kaldt! Lite sol! Regn! Nesten så eg høyrer klaginga. Og under haustoppryddinga ute, så sto den der klar med mengder av knoppar. Kald haustsol klarte ikkje å rulle opp dei fine spiralknoppane. Då tok eg plaststampen med ipomea og bar inn i stova. Rettnok etter først å ha sprøyta grundig med mi gladblanding mot gruff: Vatn, grønsåpe og akevitt! Etter to dagar inne tok ipomeaen imot meg om morgenen med 14 blomster! Det går ikkje an å ha ein bedre start på dagen!

søndag 9. oktober 2011

Gul valmuesøster - i gruppa nesten ugras
























Idag passer det å sette strek for hagesesongen ute. Krukkene med hakeliljer, engletrompet og afrikalilje er i hus, kannaknollane er lagra i kjellaren, og eg har sanka blomsterfrø. Det er ikkje noke som blomstrar i hagen lenger - trudde eg! Men den gang ei, bak søylegrana står triumferande i blomst gul valmuesøster. Eg gjorde stor innsats i hagen i sommar med å utrydde gul valmuesøster, og trudde eg hadde kontroll... Søstra har ein imponerande evne til å så seg sjøl, og i motsetning til vanlege valmuer ikkje så enkle å røske opp. Eg må medgi at planta er flott og lysande gul der den står, og så kan det vel ikkje produserast modne frø på denne tid? Konklusjonen er freding akkurat no, men neste sommar, då er det opp og ut!

torsdag 6. oktober 2011

Årets siste fjelltur

Tidleg i sommar datofeste vi ein fjelltur i september med utgangspunkt frå Leirvassbu. Vi har no hatt ein så regnfull haust at forhåpningane om at turen kunne gjennomførast var ikkje så store. Rekna sånn halvveis med at vi vart sitjande inne på Leirvassbu og spele kort! Og så fekk vi det fine veret, dvs. ikkje regn, og då var eg vel fornøgd....
Her er vi på toppen av Visbretind med eit fantastisk fjellpanorama i alle retningar!

fredag 30. september 2011

Bror min og stikkelsbærtjuven

Bror min bor på Møre. Frå vindauga har han utsikt over fjorden, med øyane Hareid til venstre, Sula til høgre og Godøya midt i mellom. Bror min likar å følge med på båttrafikken, sjekke om makrellen er på innsig i fjorden eller studere niser som leikar seg i sjøen. Rett under vindauga står stikkelsbærbuskane på rad. Der såg han ein dag eit lite dyr som åt av stikkelsbæra! Ein mår! Ifølge bror min kan måren gå over til slik mat når det er trange tider. For at stakkaren skulle få litt variasjon i kosten la bror min ut pølsebitar... Heldigvis var det det berre stikkelsbæra måren likte og ikkje svartsurbæra som bror min er så stolt av...

fredag 23. september 2011

Grønnkål - ein robust supergrønnsak

Idag skal eg lage grønnkålgrateng! Vi dyrkar nesten kvart år grønnkål i hagen, det er ein smakfull og robust bladgrønnsak som er lite utsett for hagegruff. Og så skal grønnkål vere svært så sunt... Svigerinna mi med venner i Nord-Tyskland har fortalt at der har dei eigne grønnkålfestivaler! Grønnkålen kan gjerne stå ute om vinteren, men det forutsette stabil snøvinter og ikkje frost/tining. Då kan grønnkålen tape seg fort. Men det kan vere problem med djupsnø og. Eit år sto eg og spadde i snøen og leita etter grønnkålen. Då kom naboen ut og meinte det var no svært så tidleg eg var i gang med våronna..... Her i heimen brukar vi grønnkål til suppe, grateng og stuing. Grønnkål er ikkje så lett å få kjøpt i forretningane. For ei tid tilbake var vi invitert til venner. Istaden for blomster eller vinflaske tok eg med ein grønnkålstilk, vakkert pakka inn med silkepapir og cellofan!