lørdag 28. juli 2012

Mangold

Eg kjøpte tidleg i sommar tre små mangoldplanter. At det skulle verte noke av dei hadde eg ikkje så stor tru på. Sommaren har ikkje vore den store, men vi slepp no å vatne ute.... Sneglane har ete opp koriander og persille, portulakk og basilikum nektar å vekse. Men mangoldplantene slo til! Dei er så dekorative der dei står i utkantene av eit bed. Frodige med flott fargekontrast mellom blad og stilkar. Ettersom dette er eit prøveprosjekt har eg tenkt å servere dei til testing i søndagsmiddagen, og har no vore ute på nettet og prøvd å finne ut korleis mangold skal brukast. Som spinat står det, og då vert det kanskje suppe eller stuing av blada. Stilkane er det delte meiningar om, noken seier dei er treete og smaken bitter, andre synest dei er OK. Kankje eg skal dra fram wok-gryta og prøve dei i ein grønnsakblanding?


fredag 20. juli 2012

Den botaniske hagen i Reykjavik


Primula vialii




Heldigvis fekk eg tid på Islandturen min til eit besøk i den botaniske hagen i Reykjavik. Sjølsagt fekk eg altfor kort tid der (!), men her er nokre bilder frå det eg rakk over. Dårleg med namn på det eg viser, men den tofarga primulaen er Primula vialii.

tirsdag 17. juli 2012

Villblomster på Island

Eg har nett kome heim frå ein ferietur på Island. Og tenk - der var sommaren! Fine dagar med sol og god temperatur, og fotturar i eit fantastisk terreng. Her er nokre villblomsterbilde. Og så måtte eg ta med eit fjellbildet for å syne fargane! Det er bilde av timian og ein slags gulmaure, kvitkløver, reinrose, chamerion latifolium, orkidé, og eit skogbilde.








lørdag 7. juli 2012

Levkøy - sommerblomst med nydeleg duft

I år har eg levkøyer i hagen for første gang. Dvs, dei er ikkje i hagen, men i krukker på utebordet. Det var nokre skrøpelege frøplanter eg fekk i foræring, så for å ha kontroll på dei fann eg ut at dei kunne like godt vere krukkeplanter. Den eine er gresk levkøy, og den andre er vel vanleg levkøy. Om kvelden spreier dei den nydelegaste duft rundt seg!  Så til neste år skal det dyrkast meir levkøyer i hagen.

tirsdag 3. juli 2012

Sibiriris i hagen




Ingen hage utan sibiriris! Er dei ikkje fine!

lørdag 30. juni 2012

Fin og frodig frøstjerne!














Heilt ifrå starten som hageentusiast har eg vore fasinert av frøstjerner. Og det er ikkje få frøposer eg har kjøpt inn forgjeves, kort sagt eg fekk aldri frøstjernene til å spire. Så ga eg opp, heilt til ifjor. Då fekk eg kjøpe ein tuslete liten plante, men med lapp om at det var av ein gamal og herdig sort. Og slik ser akeleiefrøstjerna ut no! Nydeleg bladverk og luftige blomster som står lenge.  Det er ikkje så ofte eg ser frøstjerner i hagane, dei har kanskje gått av mote? I dei gamle hagane var frøstjernene mykje brukt, og i forskjellige farger. Så - fram for frøstjerner!

onsdag 6. juni 2012

Kongen av Danmark


Eg har ikkje tenkt å skrive om monarkiet i Danmark, men om spansk kjørvel, Myrrhis odorata. For mange år sidan oppdaga eg ein bestand av planta i veigrøfta utanfor ein kjent herregard. Eg fantaserte om at den spanske kjørvelen kom opprinneleg frå ein flott urtehage, og det var etterkomarane som sto der i grøfta. Så ein kveld dro vi ut med spade for å grave opp eit eksemplar. Det tok tid, veigrøfter er som kjent fulle av stein! Men til slutt fekk vi opp ein rotbit som vart heimført i triumf.  Planta vaks til og har vore i hagen i alle år etterpå. Og så til overskrifta: Blada duftar så nydeleg av anis, og gir meg gode minner frå barndommen om dei brune, sekskanta dropsa med krone....