lørdag 29. juni 2013

Eg vil ha eit syttitals-bed!

Det sipregnar. Skikkeleg vått ute. Så alle uteplaner er lagt bort, og istaden hygger eg meg med blomsterbilde og høyrer på musikk. I dag tek eg fram - som motvekt til regnveret - dei mest lysande, oransje blomstrane eg har. Og det er ein knallfarga valmue som eg fekk av ei veninne med garanti om at ho var kvit..... Dernest er det ein ballblom der namnet er heilt borte for meg, og så årets klatreplante: Thunbergia gregorii 'Gregory'! Desse kunne vel vere utgangspunkt for eit syttitals-blomsterbed. Eit bed med blomster i oransje, gult, beige og brunt. Der stoppa det opp. Eksisterar det brune blomster, og då meinar eg melkesjokoladebrune. Kom gjerne med forslag!




tirsdag 25. juni 2013

Timianlykke

Ifjor vart det rydda og planta til på ei stor ugrastomt ikkje så langt ifrå her eg bur. Resultatet er det mange meiningar om, men eg er storbegeistra for timianbedda som vart anlagt. Bedda - 5 stykker i alt - er ganske store og har fasong som ei omvendt brødform. Så er dei planta til tett i tett med timianplanter i fleire fargar. Og det var ikkje berre eg som fryda meg over timianen.  Like begeistra og ivrige i sankejobben var store og små humler og mengder av bier! PS. Eg har allereie sett meg ut ein plass i hagen min der eg skal plante timian...




søndag 23. juni 2013

Lilla og blå søstre

Vinteren har ikkje vore snill med hagen min. Valmuesøstrene har heldigvis overlevd - blomstrer til og med finare enn på mange år. Og den trassige minisøstra, Meconopsis quintuplinervia, har forsona seg med ny vekseplass. Eg har prøvd å flytte denne planta frå barnebedet før, men det har aldri gått bra. Men i år er det  flott og langvarig blomstring. Og så tar eg med bilde av ei lilla valmuesøster frå Gøteborg botaniske hage, Meconopsis aculeata.  Der var eg for eit par veker sidan, ein fantastisk fin botanisk hage! Reis dit!







onsdag 29. mai 2013

Søndag er det Vårtreff i Botanisk hage på Tøyen!

Søndag 2. juni arrangerer Botanisk hages Venner Vårtreff i Botanisk hage. Det bruker å vere ein stor dag for alle plante- og hageinteresserte. Då er det salg av sommerblomster, urter, stauder, Oldemors hage planter og spesielle planter. Det er gratis omvisninger i hagen, kafe med vaffel og kaffisalg og natursti for barna. I år er Botanisk hages Venner med på feiringa av Edvard Munch, og gjer det ved å selge nokre utvalde planter han dyrka i hagen på Ekely og i Åsgårdstrand. Plantene er levkøyer, reseda og duftheliotrop. Plantelistene ligg ute på nettstaden til BhV, kanskje det er noke som frister slik du tar turen til Tøyen?





fredag 17. mai 2013

Ikkje blomster men fargerikt bunadbilde

Gratulerer med dagen alle der ute! Det har vore ein fin dag som enno ikkje er over. Eg har så langt fått med meg det eg ønsker av nasjonaldagen: Korpsmusikk, taler på Vår Frelsers gravlund, barnetog med mengder av flagg og masse blide mennesker som hygger seg. Bildet er av ryggen på Hulda Garborg drakta som svigermor mi broderte omlag 1930. Vi kallar drakta "Nesten vaksen" for ho blir brukt av jentene i slekta når dei er 13 - 14 år. Eg hadde plagget framme i år fordi ei ung dame frå Afganistan hadde lyst til å feire dagen i norsk bunad og lån av drakta var aktuelt. Eg tenkte på svigermor som i tredveåra opplevde at Hulda Garborg drakta var eit provoserande klesplagg for mange, ho hadde likt at drakta no vart brukt av ei ung innvandrerjente!

onsdag 8. mai 2013

Humleholk og humler

Eg fekk i julepresang for eit par år tilbake ein humleholk. Innkjøpt på Naturskyddsføreningen i Sverige, og holken var designa for jordhumler. Den skulle altså gravast ned, og det fulgte med eit 40 cm langt innkrypingsrør! Eg er glad i humler, og ønsker å legge til rette for dei i hagen min. Holken var graven ned, men ingen humler flytta inn! Det er nok ikkje så enkelt å få humlene til å finne fram. Om hausten grov eg opp holken, og då bar den spor av å ha vore bustad for saksedyr....No i år har eg sett holken på veggen utan innkrypingsrør. Til informasjon, botnen i kassa er dekka med ca 3 cm trespon.


Og så må eg ta med mitt favorittbilde av humle. Denne humla jobbar iherdig i den kvite julerosa mi. Julerosa er den første stauden som blomstrar i hagen min, til like stor glede for meg og humlene!


lørdag 20. april 2013

Blodbegerplanta mi blomstrer!

I haust fekk eg tips om at det var enkelt å overvintre blodbeger, da blei dei enda flottere neste sesong... Så eg drog seinhaustes diger krukke inn i stova, der vart blodbegeret plassert attmed største vindauga.  Som kjent har vinteren vore kald i år, vi har hatt det varmt og godt inne, men det har ikkje vore ønsketemperatur for ei overvintringsplante. Det såg imidlertid ut til å gå bra, blodbegeret voks og tvinna seg rundt gardinstanga, og eg tenkte med gru korleis eg skulle klare å ordne opp i plantefloken. Og så oppdaga eg bladlus!! Men etter eit par omganger med grønsåpeblanding vart lusa borte. (Slett ikje dumt å bruke grønsåpespray inne, alltid nyvaskalukt) . Ompotting og nedhaling fra gardinstanga gjekk no på eit vis, og her er resultatet idag.