tirsdag 17. august 2010

Bursdag og valmuebed

Eg har bursdag idag! I det høvet vil eg fortelle historia om bloggbildet mitt. For nokre år sidan hadde eg såkalla "rundt år". Mannen min spurde då kva eg ønska meg, diamanter eller eit bilde på veggen, det var ikkje måte på kva han kom opp med. "Nei takk", sa eg. "Eg ønsker meg berre ein ting, eit valmuebed 2 x 3 meter". Då bleikna mannen min, for det ville medføre innhogg i plenarealet. Størrelsen på plenen er vi ikkje samde om, eg meiner dyrking av gras er berre for dei som har kyr og sauer, og det vesle plenarealet vårt må kunne brukast til alt anna... Vel, nok om det. Mannen min er ganske grei, så han greip spaden og laga til valmuebedet mitt. Og der har eg sidan hatt raude kornvalmuer. Heilt frå den første turen min til Danmark så har valmuer fasinert meg. På reiser i utlandet samler eg alltid modne frø og sår ut i bedet mitt. Og stor glede har eg hatt av det i alle år etterpå!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med dagen!
    Eit slikt valmuebed må være litt av eit syn når det står i full blomst.

    SvarSlett
  2. Tusen takk! Valmuene er flotte når dei står i full blomst!

    SvarSlett