Jostein er svogeren min og bor utanfor Bergen. Huset hans ligg tett inntil ein bratt bergvegg. For mange år sidan vart det planta ein eføy ved foten av bergveggen. Eføyen stortrivdes, noke Jostein var sånn passe fornøgd med. Som tidlegare fjellklatrar likar han å sjå reint fjell... År om anna gjekk derfor Jostein laus på eføyen og skar han kraftig ned. Ein seinvinterkveld han var utanfor huset, høyrde Jostein ein rar lyd. Oppe i bergveggen sto ein hjort og beita på eføyen. (Sjå nederst og til høgre oppe på bildet). Jostein syntes det var heilt greit, eføyen skulle no skjerast ned likevel. Men noke seinare kom hjorten tilbake og åt opp krokusenga til Jostein. Då var det slutt på velviljen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar