Det er så bra med alle hagesidene der ute! For nokre veker sidan las eg at det var tid for såing av blodbeger- frø. Det visste eg slett ikkje, at dei skulle i jorda så tidleg. Så eg hivde meg rundt, skaffa plantejord og fekk sådd innsamla frø frå planten eg hadde i fjor. I den gamle telefonkatalogen sto der ein advarsel om "Spør først, grav etterpå", eg gjorde det altså motsatt. I etterkant fann eg gode råd om korleis blodbegerfrø skulle handsamast for å spire. Men no spirer dei allikevel, i mengder! Det neste var deling av cannaknollane, planting på nytt med litt vatn og så plassert under ein benk i kjellaren. Håpet er å få blomster før frosten... Legg ut eit feriebilde av ein cannablomst - trur eg..... No laver snøen ned her, vi treng noke vakkert til oppmuntring!
Nydelig bilde av Kanna - riktig sommerlige farger!
SvarSlett