fredag 6. mai 2011

Blomstervandring på Kreta

Eg har nettopp kome tilbake frå ein vandretur på sørsida av Kreta. Der har eg gått i trange raviner, langs strendene, i kulturlandskap med store olivenlundar og overalt sett ein fantastisk blomsterprakt og  - for meg - ukjende, nye planter. No er det rette tida å dra til Kreta for den som likar blomster, om ikkje altfor lenge er landskapet tørt og avsvidd.

Den aller minste irisen eg har sett! Blomsten vert ikkje over 2 cm høg! Det eine bladet til irisen står ikkje heilt i samsvar med lengda på stilken ...Namnet er Gynandriris monophylla,












Dette er kvite anemoner. Dei blomstra i mengder akkurat no, og var utruleg vakre.














Her er gule strandvalmuer. Dei gjer seg verkeleg mot blått hav! Og badetemperaturen? Ganske frisk...










 





Tilslutt eit praktfullt grøftekantbilde. Og i bakgrunnen kan skimtast fjell med snøflekkar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar