tirsdag 29. mai 2012

Ramsløk - vakker og illeluktande

No blomstrar ramsløken i hagen! Og slik ein vakker og elegant blomst med det frodige bladverket!  Legg merke til at eg skreiv vakker før illeluktande.... Så ille er ikkje lukta forresten. Blada er eit ypperleg råstoff til pesto for dei med dristig smak.  Og dersom ein ikkje vil lage pesto, så er eit grønt bladdryss over salaten eller aromasmør ein fin måte å nytte planten på. Så har du ikkje ramsløk i hagen, gå ut i naturen og plukk! Husk berre på at liljekonvall kan vere lik i blada, ta alltid ein luktprøve...

5 kommentarer:

  1. Hei, jeg har fått ei potte med fin, blomstrende ramsløk i dag. Har planer om å plante den ut, men hvor mye sprer den seg? Må sørge for at den ikke overfaller naboplantene.

    SvarSlett
  2. Ramsløken er iallefall ei vakker plante, har aldri hverken sett eler smakt den.
    Nyt hagedagene :)

    SvarSlett
  3. Ramsløk er ikkje spesielt spreiingsivrig. Dersom du vil vere sikker på at planta ikkje frøsår seg, så tar du vekk blomsten etter avblomstring.

    SvarSlett
  4. Finner en ramsløk vilt her østpå også? Jeg trodde bare den var på vestlandet.

    SvarSlett
  5. Du kan finne ramsløk på Austlandet og. Her eg bor er det ingen store felt, men eg veit at ramsløk veks f.eks på Nesodden. I helga er det Vårtreff i Botanisk hage, urtegruppa skal selge nokre potter med ramsløk. I tillegg har Sopp og Nyttevekstforr. stand, og dei burde vite kvar løken veks vilt.

    SvarSlett