tirsdag 24. mars 2015

Humler i hagen!

Det har vore ein utruleg varm og fin dag. Og der, endeleg, dukka dei første humlene opp i hagen. Våren er her! Heldigvis, hadde eg litt mat å by på til slitne og svoltne  humledronningar. For å vere på den sikre sida gjekk eg for nokre dagar sidan til innkjøp av blå  krokus i potte. Vi hadde eit snøfall i helga så eg var litt uroleg for at vinteren ikkje heilt hadde slept taket. Heldigvis var det eit kortvarig blaff. Varmen idag fekk julerosene ut i full blomst og nokre av mine eigne krokus står og strutter mot sola. Så velkomne alle humler til meg!


1 kommentar:

  1. Artig! Har nemleg bilde av humledronning frå Bergen, 25.03.2015, var ifølge yr +10,7 grader og sol. Men det er vel for tidleg? Går det bra om det kjem kulde? Pleier vel ikkje koma ut før midten av april?

    E.

    SvarSlett