lørdag 4. februar 2012

Svenske frøgleder

I januar fekk eg frøkatalog - heilt uventa - frå Gøteborg botaniske hage. Eg kan ikkje motstå frøkatalogar, iallefall ikkje når snøen laver ned og minusgradene kryp nedover. Så her vart ordre sendt avgårde, og no er frøa i hus. Her er noke av det eg fekk. Amaranthus caudatus 'Dreadlocks'. Sitat: "Den här sorten tar alla pris og gör verkligen skäl för sitt namn, en mörkröd rasta-fläta."Dernest handla eg Agastache pallidiflora ssp. neomexicana 'Rose Mint'. Om denne sto det "Blommar tacksamt hela sommaren, älskad av bin, fjärilar och människor!". Og så måtte eg ha Dolichos lab-lab 'Ruby Moon'! Tekst her: "Mycket dramatisk växt med mörkt, rödanstruket bladverk og ljust purpurfärgade blommor. Efter blommingen bildas mörkt purpurfärgade baljor som er ätbara". Slik omtale kan ikkje eg motstå! Bildet er av revehalane eg hadde i hagen i sommar. Det var første gang eg sådde revehale. Dei blomstra lenge, gjorde masse ut av seg og var ein flott sommarplante.

fredag 27. januar 2012

Magnoliaen blomstrar - i butikken!

Sjå kva eg fann i blomsterbutikken idag! Magnolia i blomst! Så fantastisk vakre... Og det er berre igjen 2 månader med vinter og litt til før eg kan sjå magnolia i blomst her. Dagane er lysare og snømengda til å leve med, så no går det rette vegen. Elles gløymde eg å spørre i butikken etter sortnamn og kva land greinene kom frå. Typisk meg! Og berre så det er sagt, eg kjøpte ikkje med meg ei grein heim. Prislappen talar for seg sjøl ....

lørdag 14. januar 2012

Scarlett O'Hara

Frøpakken på bildet fekk eg i presang. Sorten heiter "Scarlet O'Hara" og eg spurde gjevaren om ho hadde lese "Tatt av vinden". Det hadde ho, og boka var "helt grei". Helt grei?? Min ungdoms store bokoppleving! Eg slukte historia om den bortskjemde, egoistiske og tøffe Scarlett O'Hara, frå den problemlause ungdomstida hennar, gjennom den amerikanske borgarkrigen og i dei vanskelege åra etterpå. Faktisk tok eg no fram boka frå hylla og bladde gjennom på nytt, og syntest ikkje at historia hadde tapt seg. Så det er eit godt namnevalg på ein knall raud ipomea!

fredag 6. januar 2012

Clitoria ternatea - klatreplante frå Thailand

Ei god veninne kom frå Thailand i fjor vinter. Der hadde ho samla inn frø, og fortalde at dei kom frå ei nydeleg klatreplante. To av frøa spirte, og eg fekk den eine planta av henne tidleg i sommer. Planta stortrivdes inne, vaks og sette vakre, blå blomster. Men så kom ferietida og planta måtte ut. Sommaren i år var ikkje av dei store, så trivselen vart deretter. Men eg fekk ein kapsel med modne frø! Kapselen la eg i viduskarmen til modning. Og no er han borte! Mistanken går i retning iherdig bruk av støvsugar til jul - og det er ikkje meg! Jaja, det meste lar seg erstatte......

lørdag 31. desember 2011

Nyttårshelsing med eføy

Vi har hatt gjestar frå Vestlandet i jula. Dei veit kva eg set pris på, og hadde derfor med ein diger bukett med eføy. Eg sluttar aldri å forundre meg over ei plante som blomstrar på vinteren! Elles, på veggen utanfor heng rockeringen min. Nyttårsløftet får vere at eg skal klare å rocke like bra til begge sider. Idag får eg det til berre mot klokka...
Godt nyttår til alle hagebloggerane der ute, og takk for alle morosame og nyttige innlegg!

søndag 11. desember 2011

Julekrans med minner

Naboane mine flytter! For meg vert det eit stort sakn, vi har hatt godt naboskap i mange år. Og ikkje minst, felles interesse for hage og blomster. Så her er årets julepresang til dei, krans laga av diverse innsamla i hagen dei no forlater, og naturmateriale eg har funne passande til minne om "grøne" opplevingar vi har hatt saman.
Naboane har både blodbøk og grønbøk i hagen, så eg har limt inn bøkehamsar. Lett å kjenne igjen den fine blodbøkhamsen! Der er laurbærblad, oliventreblad og sypresskonglar til minne om ein ferie vi hadde saman i Italia. Tørka hagtornfrukter frå bakken i Botanisk hage der vi har vore utallege turar. Frøhus frå valmuer, og fine hemlokk-konglar frå nabohagen. Og så - nokre strå med hjertegras som skal symbolisere at eg er glad for tida vi har hatt ilag!

fredag 2. desember 2011

Den gamle kokeboka i ny utgåve

Mor gjekk på husmorskule i Ålesund i 1933. Ho skreiv sirleg i bok alle dagsmenyane og oppskriftene ho lærde der. Denne handskrevne kokeboka var det mor nytta mest når ho laga mat. Mor var flink med matlaginga, men ho bevega seg ikkje utenom oppskriftene. Sto der to teskeier i oppskrifta så vart det brukt... Kokeboka gjekk i arv til søstera mi, og her ein vinter skreiv søstera alle oppskriftene på datamaskin. Eit nydeleg arbeid med spalter og register, og ho brukte den gamle rettskrivinga med ord som citron og chocolade. Til slutt vart alle sidene med oppskrifter bunde inn med spiralrygg. Så no har eg også alle dei gamle oppskriftene til mor. I kokeboka står til og med oppskrift på kams! Det er nok ikkje så mange som veit kva det er uten å måtte google...
Det er så enkelt i dag å bruke datamaskin til å lage hefter slik som nyutgåva av kokeboka. Sjøl har eg planer om å skrive om hagen heime, kva prydplanter, roser, bærbusker og tre som var der. Ei slik bok må sjølsagt vere illustrert med bilder. Vi får sjå!