lørdag 10. oktober 2015

En sommer er over

men minnene om den består... Det var Kirsti Sparboe som sang - dersom eg hugsar rett. Og det har vore ein sommar med mange hagegleder. Litt tilbakeslag her og der, liten kålsommerfugl åt opp grønkålen før eg vart obs på han, dei store tomatane fekk ikkje nok sol og engletrompeten gav meg berre fire blomster i år. Men elles var det storarta! Og no er det haust i hagen. Nokre få planter står fortsatt i blomst: Anisisop Agostache foeniculum, Haustanemone Anemone hupenensis og Haustormedrue Actaea (Cimicifuga) simplex "Pink Spike". Særleg den siste er utruleg nydeleg med mørk raude blad. Mange ormedruer likar skygge, men denne her må stå i sol for å gi god blomstring. Haustanemonene har blomstra flott og lenge i år, så der er fine hagegleder enno. Så det neste vert rydding av krukker, deling og flytting av stauder, planting av løk, kort sagt gjere klart og glede seg til neste sesong!




søndag 13. september 2015

Eg har sett Moseplassen!

I år var Moseplassen med på lista over "Åpne hus 2015" her i byen. Anne hadde sagt ja til å vise fram hagen sin, så dit skrangla eg i veg med blåtrikk nr. 19 Ljabru. Der vart eg - og mange andre - tekne vel imot av Anne. Hagen var så sjarmerande og flott planlagt, og til stor inspirasjon for oss som møtte opp. Dessverre hadde eg gløymt både fotoapparat og mobil, så ingen bilder! Men eg har funne fram frå arkivet mitt maken sommerfuglbusk som var brukt på Moseplassen. Dei lilla blomsterrankane var så nydelege i samplanting med høge hauststauder der alle fargenyansane såg ut til å vere tilpassa kvarandre. Tusen takk for at du ville vise fram hagen din, Anne!



Apropos blåtrikk nr. 19 til Ljabru, på turen tenkte eg på barnediktet til André Bjerke - lest utallege ganger for barn her i heimen - der han nemner Ljabru. Diktaren var tydelegvis inspirert av det uvanlege namnet. Her er første vers:

Fru Barbro von Kobro
som bodde på Ljabru
hun matet sin hubro
fra Ebro med tebrød
men det finn den feb´r av.

torsdag 27. august 2015

Sommarfuglar og sommerfuglbusk

Eg er fasinert av sommarfuglar og vil gjerne ha dei i hagen. Så derfor har eg planta Sommerfuglbusk, Buddleia davidii, enda vinteren her er for stri for denne busken. I år hadde vi mild vinter og no i slutten av august står han med nydelege, lange blomsterstander. Den eg har er rosa, men sommerfuglbusk er og å få kjøpt i andre fargar. Det er ikkje berre sommarfuglar som er glade i busken, der er mange andre - for meg - ukjende insekt på besøk. Bildet er av neslesommarfugl, ein av mine favoritter! Eg har til og med late brennesleplanter vekse i fred i hagen for å vere sikker på at neslesommerfuglar kjem til meg!




lørdag 18. juli 2015

Insekthotell, blomstereng og Olivias rose

Eg har kjøpt insekthotell! Rett nok litt seint i sesongen til at eg kan få mange gjester, men i alle fall er hotellet svært dekorativt. Eg har til og med lagt inn små klumper av leire mellom pinnane slik at eventuelle murerbier har noke å bygge med. Bildet viser også at ampeltomatane mine har teke til å få rette fargen. Så er det eit bilde frå ei offentleg blomstereng her i strøket.  Og det berre eit bittelite utdrag av enga. Gjett om humlene boltra seg i raudkløveren! Kort sagt eit humleparadis. Til slutt Olivias rose, ei rotekte "prestegardrose". Olivia var barndomsveninne av mor mi, og gav henne rosa i presang ca. 1925. Kjekt å tenke på idag når stikling frå den gamle rosa står i praktfullt flor i min hage.




tirsdag 14. juli 2015

Det summer og surrer i hagen!

Nokre varme dagar har gjort susen! Det kryr av humler og villbier i hagen, og eg må oppdatere listene mine over favorittplantene dei har. Stadig noke å gruble over: Eg har to sorter gule revebjeller i hagen, ei med vanleg størrelse på blomsten og den andre med små blomster. Og humlene er berre interessert i den minste revebjella, og dei skjønar ikkje at dei er for tjukke til å kome inn. Merkeleg. Bilda er av dei tre favorittplantene til dei små flittige akkurat no: Honningurt, agurkurt og kornvalmue.




torsdag 2. juli 2015

Iris i hagen

No blomstrar iris og sibiriris i hagen! Eg har ikkje så mange sortane i hagen, men dei eg har er av det trufaste slaget og kjem igjen år etter år. Hageris-slekta har på grunn av alle fargevariasjonane på blomstrane fått namnet etter himmelgudinna Iris. Ho brukte nemleg regnbogen som reiserute...


mandag 29. juni 2015

Penstemon - eller rørblomst

Dette er for meg ein ny sommerblomst som eg synest er svært fin. Overfladisk lesing på Google om Penstemon opplyste  at han og kunne vere staude, men overvintringa var problematisk. I tillegg var det og nemnt at dette er ein plante som tidlegare var mykje i bruk, men som no har gått ut av hagemoten. Kanskje på tide å ta Pentstemon i bruk på nytt?