Eg må medgi at hagen min langt på veg styrer seg sjøl, skal eg kalle det plante- anarki? Når akeleier og valmuer dukker opp overalt, ja, så lar eg dei stå. Robuste planter som overlever sprengkald vinter og blomstrer like friskt, dei har gjort seg fortent til ein plass i hagen. Resultatet er lett kaotisk. Idag slo eg fast at det var stor overvekt av planter med blå blomster i hagen. Og det er heilt flott!
Her er forglemmegeisøster. Eg fekk ein lita rot av ei gamal tante for mange år sidan. Ein robust og flott staude med nydeleg blåfarge på blomsten.
Spaniablåstjerne? Her er eg ikkje sikker, men uansett så skulle eg gjerne hatt fleire av dei i hagen. Dei spreier seg sakte, så det er gledeleg når dei dukker opp.
Perleblomster er fine!
Blå valmuesøster er favoritt- stauden min! Eg har hatt planta i mange år, og ho kjem trufast tilbake kvar vår. Slikt vert ein glad av...