For nokre år sidan var vi i pinsehelga på Vestlandet. Andre pinsedag køyrde vi opp frå Jondal til kanten av Folgefonna. (Vegen hamna på lista mi over "Vegar i Norge ein bør unngå"...). Vel oppe hadde vi ein flott skidag på fonna i strålande solskin. Vi skulle heim same dag, så seinettermiddagen la vi i veg austover. Eit stykke før Nordheimsund vart det stopp, for der låg Gimle planteskule. Planteskulen var ikkje inngjerda, så det var berre å gå inn. Og der var det rhododendron! Flotte planter i nydelege farger! Vi hadde ikkje sett makan, og vi bestemte oss der og då at her måtte vi handle. Planteskulen var stengt, men eg ringde på døra til privathuset og spurde pent om vi fekk kjøpe. Det ordna seg, og vi drog vidare i triumf med rhododendron 'Fantastica' og 'Goldkrone' i baksetet. Og dei har gledd oss med blomstring kvart år seinare, sjøl om vinteren her er litt tøff for 'Goldkrone'.
Ikke alle veier på vestlandet har like god standard, desverre. Fantastica er en flott rhododendron, den har jeg også. Gimle planteskole har jeg enda ikke vært på, så det har jeg til gode.
SvarSlettØnsker deg en fin pinse.
God pinse til deg og, Mariann! Måtte det berre slutte å regne.....
SvarSlettRhododendron er en fantastisk plante! Synd de ikke er remonterende.. Men..herlig så lenge det varer..
SvarSlettHa en fin pinsehelg:o)
Hilsen Helene