Eg må medgi at hagen min langt på veg styrer seg sjøl, skal eg kalle det plante- anarki? Når akeleier og valmuer dukker opp overalt, ja, så lar eg dei stå. Robuste planter som overlever sprengkald vinter og blomstrer like friskt, dei har gjort seg fortent til ein plass i hagen. Resultatet er lett kaotisk. Idag slo eg fast at det var stor overvekt av planter med blå blomster i hagen. Og det er heilt flott!
Her er forglemmegeisøster. Eg fekk ein lita rot av ei gamal tante for mange år sidan. Ein robust og flott staude med nydeleg blåfarge på blomsten.
Spaniablåstjerne? Her er eg ikkje sikker, men uansett så skulle eg gjerne hatt fleire av dei i hagen. Dei spreier seg sakte, så det er gledeleg når dei dukker opp.
Perleblomster er fine!
Blå valmuesøster er favoritt- stauden min! Eg har hatt planta i mange år, og ho kjem trufast tilbake kvar vår. Slikt vert ein glad av...
Nærbilder fra Skyggebalkongen
for 2 måneder siden
Herlige blå blomster! Blå Valmuesøster er èn av mine favoritter:o)Jeg prøvde den en gang i hagen hos meg, men fikke den ikke til..
SvarSlettJeg falt pladask for den flotte headeren din med Valmuene..skikkelig blikkfang:o)
Ta gjerne en titt innom Hagebloggen min også om du har lyst!
Ha en fin Onsdag:o)
Heleneklem
Masse flott blå blomstring hos deg. Av en eller annen grunn har jeg ikke fått til forglemmegeisøster hos meg, men jeg tror jeg må prøve igjen.
SvarSlettTakk for hyggelege kommentarer! Helene: Klart eg vil sjå innom bloggen din! Og ser du på mitt innlegg i august 2010 så står der meir om headeren min... Mariann: Du har nok vore uheldig når du ikkje fekk til forglemmegeisøster. Prøv ein gang til!
SvarSlettPlanteanaraki er bra! Det er sånn hos meg også. Etterkvart lærer ein å sette pris på dei som er villige og sterke snarare enn å strebe etter dei som egentlig ikkje trivst hos oss. Eg har i alle fall lært det etter eit par strenge vintrar no!
SvarSlett