Idag var det villblomstens dag. Og trass i plaskregn på morgenen, så drog eg ut tidleg til møteplassen for informasjon om status for villblomsten i nærmiljøet. Der var det representanter frå Fylkesmannen, frå kommunen, og ein botaniker fra NHM på Tøyen. Eg har idag lært om forskjell på slåttemark og beitemark, kva som skjer med plantene når dyr beiter og gjødsler marka, skjøtsel av dei respektive verneområda her, bruk av slåmaskin kontra ljå, og om tilskot frå Fylkesmannen dersom ein vil prøve å reetablere ei villblomsteng... Kort sagt ein spanande og lærerik dag. Interessant å lære om korleis alt heng saman i naturen!
Dette er solblom, Arnica montana. Planta var dessverre ikkje i full blomst enno. Tidlegare var solblom vanleg, men har gått sterkt tilbake over heile landet. Idag lærte eg av botanikeren at hovedblomsten på planten var bonden, som blomstra først. Dei to knoppane under var drengane, og når dei også blomstra, ja då var det på tide å starte slåtten!
Her er grov nattfiol, Platanthera chlorantha, ein flott og høgreist orkidé.
Nærbilder fra Skyggebalkongen
for 2 måneder siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar