onsdag 31. mars 2010

Det vårast!


Idag regnar det skikkeleg, og snøen minkar for kvar time. Enno er det meste av hagen dekka, men stadig fleire snøklokker dukker opp der snøen er borte, og attmed husveggen står ei klynge med lillakvite krokus. Og ein av mine favorittplanter - julerosa - har kome fram og står klar med mengder av knopper. Eg har fleire juleroser. Ein av dei var kjøpt frå eit kjent plantefirma og skulle vere rød på farge. Etter fleire år kom første blomsten og den var grøn/kvit! Jaja, det er slike slag hageentusiaster får..
Igår gjekk eg tur i nærområdet og registrerte at stare og vipe har returnert frå Syden. Hagen er tilhaldsstad for fleire bokfinkar som leitar gjennom restane frå foringsplassen, og dei store ringduene er også interessert i frørestane.
God påske med eit bilde frå Vestlandet!

søndag 21. mars 2010

Hagen vår

Dette er første innlegget i bloggen min. Eg planlegg å fortelle om livet i hagen, om planter, busker og tre, samt fugler og insekt som held til der. Oppstarten til hagen ligg nok 50 år tilbake i tid. Sjølve grunnplanen for hagen har vi ikkje endra på. Hagen er todelt med ein hellelagt terrasse som er knytta samen med den nedre delen med trappegang. Der er bed på begge sider av trappa og gamle prydbusker langs gjerdet mot vegen. Det er bærbusker og prydbusker langs grensen mot nabohagane. Så har vi ein liten grasplen, noke eg meiner er heilt unyttig.... Vi har ikkje allverden med kvadratmeter hage, men eg synest vi har fått mykje ut av det vi har, og det gir meg stor glede og stelle der.

Frå starten på hagen har vi igjen nokre prydbusker: Skjærsmin, leddved, cornell, klatreroser og ein gamal rhododendron. Av stauder så er det peoner og hasselurt. Og så har vi mengder av scilla!! Det er nydeleg om våren når dei blomstrer, men eg må passe på at dei ikkje heilt tek overhand.

Vi flytta hit for 25 år sidan, og eg hadde store planer korleis eg ville ha det! Urtehage vart realisert, nye bærbusker og stauder. Nokre planter vaks og trivdes, andre berre forsvann.... Men det å prøve er spennende i seg sjøl. Dette var presentasjonen av hagen, No dekker snøen det meste, men idag såg eg dei første snøklokken! Så våren nærmer seg.