tirsdag 18. november 2014

Kapoktre og fikenkaktus

Eg har no i november vore på ein tur til Sicilia. Sicilia er ei flott øy som har mykje å by på. Til og med badetemperaturen var akseptabel! Bouganvilla og hawaiiroser blomstra for fullt, på plantasjer og i hager sto appelsintre med både frukt og blomst. Her såg eg for  første gang kapoktre - Ceiba pentandra. Store tre brukt i parker og gater med nydelege, rosa blomster. Når fruktkapselen åpna seg, er den full av kapok, silkelignande fiber som tidlegare i alle fall vart brukt til stoppingsmateriale. På bildet av "kusina til den lille havfrue" vises kapsler i bakgrunnen.  Så smakte eg på fikenkaktus. Heilt ålreit smak, men eg medgir skrekk for pigger...




tirsdag 4. november 2014

Den siste rose - og søstrene Bjørklund

Regnet har teke ein pause for ei stund, og eg har teke bilde av dei siste rosene i hagen. Og da tenkte eg på den gamle sangen om "Rosen og sommerfuglen" med søstrene Bjørklund. Morbror Hans brukte å synge sangen for meg dengang eg var lite barn, men når eg tenker tilbake på framføringa hans idag så mistenker eg han for å lage ein parodi ut av det...
Her er linken.




fredag 24. oktober 2014

Grønkålchips

Som mangeårig grønkåldyrkar trudde eg at eg hadde oversikt over alle bruksområda til grønkål. Men neida, ein lærer stadig nytt. Å lage grønkålchips lærte eg av ung datter. Ho og veninnene hennar prøvde til og med å lage chips av skvallerkål!!! Og her er oppskrifta sånn omtrent: Vask grønkålen, tørk blada og riv dei frå den grove stengelen. Del opp i mindre bitar. Eit greit utgangspunkt til mengde er at bitane lagt ut over eit steikebrett ikkje skal dekke kvarandre. Ha ei ss god olje i ein bolle, tilset ørlite salt og eventuelt krydder du likar. Eg brukte chilipulver... Så har du grønkålen opp i oljen og knar godt slik at oljen vert jamt fordelt. Legg grønkålbitane på eit steikebrett med bakepapir i steikeomn på 100 grader og gjerne varmluft. Bitane er tørre og sprø etter ca. 20 minutt. Eit godt alternativ til den vanlege chipsen!



torsdag 16. oktober 2014

Den aller første hageboka eller "Hvorfor bør du ha en hage?"

Denne boka var med på å vekke hageinteressa mi! Den som las forrige innlegg skjønar no kvifor eg som barn var så ivrig på å dyrke graskar. Kunne jenta på bildet dyrke digre graskar så måtte vel eg og klare det... Elles så las i eg på nytt forordet i boka, og det slo meg at svaret på kvifor en skal ha ein hage er like aktuelt:

"Jo, fordi det du avler i hagen, er sunn og god mat. Folk blir friskere og sterkere når de spiser grønsaker, frukt og bær hver dag i tillegg til den andre kosten, og fordi hagearbeidet og utvikler kroppen og gir styrke til kropp og sjel.
Til det kommer at hagesakene gjør maten drygere. Kostholdet kan derfor bli billigere, særlig når en dyrker dem i eien hage.
Og en ting til: Heimen vår blir hyggeligere og vakrere når det fins en hageflekk ved stua.
Aller minst må du glømme at dersom du steller hagen din godt, så er du også med og dyrker landet jord og gjør landet vårt rikere og lykkeligere. Ved å gjøre mye ut av hagen din kan du vise at du er glad i Norge".



fredag 10. oktober 2014

Eit velvakse graskar!

Graskaret er ikkje dyrka fram i min hage, men på komposthaugen i Botanisk hage på Tøyen. Eg har alltid vore fasinert av graskar og dyrka dei ivrig med vekslande resultat i barndommen min. Seinare vart det meir dyrking av squash ettersom det er ein grønnsak eg finn  meir brukeleg til mat. Her er ein link som fortel meir om graskaret på bildet. Legg merke til fyrstikkeska eg har sett på toppen!


fredag 3. oktober 2014

Engletrompet og pelargonia i sesonginnspurt

For ein fantastisk sommar - og haust! No skriv vi oktober og fortsatt er der blomster i hagen. Engletrompeten har siste blomstringa no, snart skal han i hus for vinterlagring. Eg klipper ikkje ned før til våren, mest for å ha stiklingpinnar til å gi bort. Flott haustfarge på blåbærbusken min! Ingen blåbær til meg i år dessverre, trasten var ivrig og hausta før eg fekk snudd meg... Pelargoniane har ikkje avslutta sesongen ennå, fortsatt kan eg glede meg over blomsterprakta deira!




torsdag 25. september 2014

Gardiner av brennesle

Under kulturdagane her i byen var eg innom det gamle Observatoriet. Bygninga høyrer til UiO, og er oppført i 1833. Observatoriet er nyleg restaurert, og vel verdt eit besøk. Det som særleg fanga interessa mi var leiligheta i bygget der professor Hansteen bodde fra ca. 1833 og utover. Det nye interiøret teke i bruk skulle vere så tidstypisk som mogeleg. Og gardinene var laga av brennesle slik dei opprinnelege gardinene kunne ha vore hos familien Hansteen!  Stoff, tilbehør og montering er lik gardinmoten frå dengang. Takk til UiO som viser oss korleis brenneslegardiner ser ut!





torsdag 18. september 2014

Ipomea på erobringstokt

Eg likar klatreplanta Impomea. Her er det imidlertid ein del problem: Startar du for tidleg med å så inne, så har Ipomeaen plutseleg vokse 2 meter og snurra seg rundt alt i nærleiken. Og eg har så vondt for å klippe ned... I motsatt fall, med sein såing så vil ikkje Ipomeaen blomstre før tidleg haust. Slik var det hos meg i år. No har imidlertid Ipomeaen teke igjen alt han forsømte i sommar, eg snublar inn ytterdøra i mørke fordi utlyset er heilt dekka, og tørkestativet er erobra som klatreplass. Faktisk ikkje så dumt når eg ser nærmare på blomsterprakta der. Til neste sommer skal eg vurdere om Ipomeaen skal få stativet åleine - kle kan eg sikkert tørke ein annan stad!



tirsdag 16. september 2014

Hyllest til "New Dawn"

"New Dawn" er rosa frå barndommen min. Ho sto nedanfor trappa, og når vi sat på hagebenken oppe i inngangspartiet kunne vi kjenne den gode dufta. Alltid frodig med mørkegrøne blad og mengder av nydelege, lysrosa roser. Eg kan ikkje hugse anna enn at "New Dawn" produserte roser i overflod - sjøl i dei regnfulle og kalde somrane på Sunnmøre. Så kva gjer eg når det her i heimen vart ein ledig plass ved husveggen på grunn av grøfting? Før noken andre kom meg i forkjøpet om kva som skulle plantast, styrta eg avgarde og kjøpte "New Dawn"! Lykke!


tirsdag 2. september 2014

Stilige vikingar og ny benk i Botanisk hage

Vikinghagen i Botanisk hage vart åpna søndag 31. august, og mange stilte i vikingkle. På bildet med ryggen til, står hagesjefen Axel Dalberg Poulsen i korrekt vikingantrekk. Stoffet i den gule buksa er farga med fargereseda (Reseda luteola), overdelen med krapp (Rubia tinctorum), og han hadde og ein undertunika av hamp. Til kalde dagar har Axel i tillegg ein flott, blå kappe. Blåfargen her er frå fargeplanta vaid, Isatis tinctoria.
Benken er til minne om professor Jens Holmboe. Han beskreiv plantematerialet frå Oseberg, og benken er laga med 14 ulike treslag som alle vaks i vikingtida.
Eit flott, lærerikt nytt anlegg i Botanisk hage som både små og store vil ha glede av å utforske!


tirsdag 26. august 2014

Ich weiss nicht, was soll es bedeuten...

Her står eg og ser ned på Rhinen og klippa Lorelei. Og tenk, eg hugsa - der eg sto - dei fire første linjene av Heinrich Heines dikt. Resten var borte... Lorelei, vart det sagt, sat på eit skjer ute i elva og distraherte elvebåtskipperane slik at dei gløymde å halde rett kurs. Det andre bildet er av elva Mosel. Legg merke til dei bratte vinmarkene til høgre. Ikkje enkelt å vere vinbonde her. Heretter skal eg drikke Rieslingen med aktelse og tenke på alt arbeid som ligg bak det gode resultatet!




torsdag 14. august 2014

Apropos debatt om sauer...

Desse sauene beiter fredeleg i Botanisk hage på Tøyen. Dei er laga av kunstnaren Tom Hare.



fredag 8. august 2014

Det var ikkje fyrstikker!

Ung dame (ikkje meg) var på bar i går. Der hygga ho seg med "Mango & Chili Mojito". I drinken var m.a. rom, mynteblader, mangolikør, hakka chili, limejuice og knust is samt diverse anna. Og avskjedspresangen - som ho trudde var fyrstikker - viste seg å vere noke heilt anna! Slikt likar eg. Nesten så eg får lyst til å gå på bar...



tirsdag 5. august 2014

Når fjordene blåner.....



Det er farleg å bla i gamle bilder! Eg får i alle fall lengsel etter fjell og lukt av sjø. Kanskje skulle eg aldri ha flytta der i frå? Slike tankar går heldigvis fort over når eg har vore der nokre dagar i regn og gråskodde. Til venstre på bildet har vi Hareid og Brandal, bak fjellet ligg industribygda Ulsteinvik med verftsindustri og fotballaget Hødd. Enda lenger ute ligg øya Runde med Norges sørlegaste fuglefjell. Der fann tre dykkarar i 1972 ein stor skatt som stamma frå forliset av "Akerendam" i 1725. Er du heldig kan du finne sølvmyntar i fjøra der - seiest det. Godøya er midt i bildet, stenger for utsyn til havs eller tek av for uver - alt etter som ein ser det. Til høgre øya Sula. Aktuelt tema: Sula gjorde opprør, reiv seg laus frå Ålesund og vart eigen kommune i 1977. Kjende sulamitter: Olga Marie Mikalsen, Nils Petter Molvær og Ole Andreas Devold.

Olga Marie Mikalsen







søndag 3. august 2014

I år har det summa i hagen!

Det skal vere insekt i hagen! Framfor alt vil eg ha der humler, bier og sommerfuglar. I år har det verkeleg teke av med vitjande humler og bier i hagefloraen min, aldri har hagen vore så full av summande lyd som denne sommaren. Planlegging av tilbodsplanter til humler og bier vart ikkje gjort gjennomtenkt av meg i vår, men det viste seg at hagen hadde nok av interessante blomsterplanter å by på.
Humlene har ennå ikkje teke i bruk humleholken min til bustad, i staden bor der ein humlefamilie bak panelet på garasjen. Og så bor der humler i taket. Mannen min fekk for seg at han måtte pusse takvinduet utanfrå - (søstrene hans frå Vestlandet kom på besøk...) Men der måtte han avslutte arbeidet lynsnart for under ein takstein like attmed bodde ein humlefamilie og dei likte ikkje aktiviteten hans. Han kom seg fort ned av taket!
Tre på topp planter for humler i sommar har vore agurkurk, kornvalmue og revebjelle. Etter at desse plantene blomstra av, har hestemynte vist seg å vere stor favoritt.
Neste år skal eg plante ringblomster, blomkarse, storhjortetrøst, honningurt, kystfrøstjerne og mange fleire! Plass? Her må eg nok inn i forhandlingar om plenarealet... Når det er sagt, så fekk plenstykket med kvitkløver lov til å blomstre i fred i år, til glede for både humlene og meg!






søndag 27. juli 2014

Issoleie og geiterams

Mannen min og eg har gått tur i fjellet i sommar. Han har god kondisjon og dårlege kne, eg har dårleg kondisjon og gode kne så då heldt vi omtrent same tempo. Det er nokre år sidan sist eg gjekk heile dagen med sekk, og det var tungt nok enda eg sløyfa både lue, votter og regntøy... (Men Fjellfloraboka var med!) Gode dager å gå slik i fjellet! Ikkje minst fordi ein treff så mange hyggelege folk på hyttene å prate med. Vi møtte bl.a. ein gut på 16 år som hadde starta fotturen på Stadt med mål Trysil, altså på tvers der Norge er breiast. No hadde han nådd fram til Sognefjellet der han fekk følge av mor og hund nokre etapper. Så det er ikkje alle ungdomar som sit inne heile dagen med dataspel!

Fjellbildet viser Hurrungane med Fannaråki til høgre.






mandag 21. juli 2014

Grønnkål- og potetgrateng

I hagen lagar vi alltid plass til grønnkål. Det er ein grønnsak heilt på toppen av nytteskalaen med stort innhald av vitaminer, fiber og antioksidanter. Mest vanleg å bruke til supper og stuing, idag skal eg imidlertid lage grønnkål- og potetgrateng. Retten kan brukast til sjølstendig lunsjrett eller som middagstilbehør, og då gjerne til røykt svinekjøt. (Det seier i alle fall svigerinna mi som er ofte i grønnkåltradisjonlandet Nord-Tyskland.) Her er oppskrifta:

Grønnkål- og potetgrateng

900 g poteter
1 gul løk
1 paprika
225 g grønnkål
25 g smør
2 ss kveitemjøl
3 1/2 dl melk
Salt og pepar
100 g reven kvitost

Riv blada frå stilken på grønnkålen og forvell dei eit par minutt. Rist av vatnet og hakk blada grovt og legg dei i smurt, eldfast form vekselvis med skrella poteter i tynne skiver, løk og paprika i ringar. Lag kvit saus av smelta smør, mjøl og melk, smak til med salt og pepar. Hell sausen over grønnsakene og topp med reven ost. Steik gratengen ca. 30 minutt ved 200 grader. 




torsdag 10. juli 2014

Blond, høgreist og attraktiv prinsesse

Prinsessa eg skal skrive om høyrer nok ikkje heime i kongefamilien. Mi prinsessa er ein av dei flottaste staudene eg har i hagen. Det er ei frøstjerne - Thalictrum flavum - og namnet er 'Tukker princess'. Ei staseleg plante, over 2 m høg og med kraftige stilkar. Dei tunge regnskurane vi har hatt i det siste og som får andre planter til å ligge flatt har ingen verknad på prinsessa. Ho står like stødig! Blomstrane er fluffy lysegule i nydeleg kontast mot blågrøne blad. Prinsessa blir heftig oppvarta av humler og bier, der er stor insektsaktivitet heile dagen i blomsterkrona. Ei prinsesse til å bli glad i!



mandag 7. juli 2014

Norsk tsatsiki med ramsløk og løpstikke

Det er lenge sidan sist eg gav lyd frå meg! Men Tigerlilje har ikkje visna, det har berre vore ein travel vår og forsommar med mange prosjekt. Eg har ikkje vore inne her sidan innlegget mitt om seiersløk, så eg vil følge det opp med eit par oppskrifter. Rett nok litt langt ute i sesongen for ramsløk, men oppskriftene kan sikkert brukast på seiersløk også.

Norsk tsatsiki med ramsløk og løpstikke

1/2 l youghurt
2/3 agurk, skrelt, frøkjerner fjerna, revet
3 - 4 ramsløk med blad, blomst, løk, finhakka
2 ss løpstikke eller annan urt
Litt salt
Din beste olivenolje

Ha youghurten i eit kjøkkenhandkle og heng han opp eller legg i ei metallsikt så han får rent av seg. (Den revne agurken kan og gjerne få renne av seg ein del væske.)  La youghurten henge minst 30 minutter. Bland alle ingrediensane unnateke oljen og la stå så lenge du har tid til. Rør inn litt olje like før servering.

Ramsløpuré

500 g ramsløk
2 ss salt
2 dl olje

Alle deler av ramsløken kan brukast, blad, blomsterknoppar og løk. Skyll og tørk ramsløken godt. Ha han i ein blender med salt og olje. Køyr lenge slik at blandinga vert jamn. Ha på glas og hell over litt ekstra olje slik at ramsløken vert dekt. No har du eit flott utgangspunkt til kryddersmør, dipp eller til pasta.

Eg har ein samleperm med oppskrifter som heiter "Urter, krydder, sopp og villgrønt". Det er sjeldan eg har notert ned kvar eg har saksa oppskriftene, men desse er ifrå Andreas Viestad og Nøring ANS i Øystese.



søndag 13. april 2014

Seiersløk og seiersløkpesto

For mange er nok seiersløken - Allium victorialis - ukjent. Seiersløk er brukt som hageplante, og han er særleg utbreidd i Lofoten. Det er ein staseleg plante med ei spanande kulturhistorie. Kanskje seiersløken høyrde heime i vikingane sine laukhager? Løken er 40 - 70 cm høg med 2 -3 cm breie blad,  ofte med purpurfarga stilk og kuleforma kvitgrøn blomst.  Kvar løk skal vere på størrelse med ein liten kvitløk, og plantene står tett saman i tuer. Svært dekorativ! Eg håper på å få tak i seiersløk til hagen i år. Så langt må eg nøye meg med eit glas seiersløkpesto eg fekk i presang for eit par dagar sidan. Pestoen kan brukast til dip, urtesmør, pasta, marinade og til å stryke over steikt kjøt og fisk. Produsent er Judiths urtehage i Kabelvåg. Fleire enn meg som ønsker seg seiersløk i hagen?


søndag 30. mars 2014

Storfint besøk i juleneket

Kornbandet frå jul heng fortsatt ute i leddveden. Som rimeleg er har det ikkje så mykje fuglebesøk lenger, mest frå storfamilien pilfink som bor under garasjetaket. Frå godstolen min i stova har eg fri sikt til juleneket, og her ein dag bråvakna eg. Der var noke digert i neket! To kaier hadde funnet fram til kornbandet og leita etter dei siste kornrestane. Kaier er ikkje vanlege her i strøket. Det er sjeldan dei viser seg, så dette var eit besøk eg sette pris på. Det eg også la merke til var at dei lokale skjorene og kråkene dukka opp, og markerte - trur eg - at hagen min høyrde til deira revir. Bildet har eg funne på nettet, eg kunne no ikkje styrte ut med fotoapparat og forstyrre kaiene i måltidet!


torsdag 27. mars 2014

Farvel til vinteren

No nærmar vi oss slutten på den lunefulle mars månad. Kanskje vi endeleg kan seie farvel til vinteren? Rett nok hadde vi snøbyger her for ett par dager sidan, men vi får tru at det var den siste krampetrekninga. For å markere slutten på vinteren viser eg bilder frå Botanisk hage på Tøyen. Hagen feirer 200 års jubileum i år, og skal i løpet av året sette ut 12 benker med forskjellig tema. Her er bilder av islabyrinten, den første benken var av isblokker og sto inne i labyrinten. Det var så populært å dra dit på tur frå barnehagane i strøket!  Dessverre, mildveret kom altfor fort og labyrinten smelta.....



onsdag 1. januar 2014

Nyttårsmiddag med nyhausta jordskokk

Godt Nytt År alle der ute! Og ettersom dette er ein hageblogg så starter eg 2014 med bilde av nyoppgraven jordskokk. Jordskokksuppe til forrett idag! Eg var i tvil om eg kom forbi telen i jorda, men det viste seg at i kompostkassen der jordskokken står var det nesten telefritt. Merkeleg vinter vi har her austpå! Restar av persille står fine og grøne, og i tillegg fann eg blad av sitronmelisse til pynt på fruktsalaten. Det grøne småtteriet i salaten er forresten heil kardemomme, eit måha i mine fruktsalater......