torsdag 25. juli 2013

Tibouchina og bredflatbelg

Endeleg kom varmen til stor glede for både meg og hagen! Humler og bier har dukka opp, (eg har vore bekymra over å sjå så få i hagen) og jobbar ivrig i hagevillnisset mitt. For ei tid tilbake kom eg over på torget ei plante som var satt ned til halv pris. "Tibouchina" sa selgeren. Heilt ukjent for meg, men eg let meg friste - halv  pris! - og bar planta heim. Så vart det omplanting i større krukke og litt god jord, og resultatet er flott blomstring! At eg må ordne overvintringsplass inne til vinteren har eg så langt fortrengt...Bredflatbelgen, Lathyrus latifolius, fekk eg av ei veninne i fjor med beskjed om å stelle pent med planta slik at det vart frøavling. Stellet i fjor var nok så som så, men bredflatbelgen overlevde til min store forbløffelse vinteren, og har no klatra 2 m opp på husveggen. Mengder av rosa blomster, men utan duft. Og i tillegg til å vere ein dekorativ klatreplante så likar humlene bredflatbelgen!



lørdag 6. juli 2013

Bogstad Gård og fruefiolen

Bogstad Gård er ein flott herregard som var i privat eige til midten av femtitalet. Ein av dei tidlegare eigarane var Peder Anker. Han var Norges første statsminister etter 1814. Rundt hovedhuset er der eit stort parkanlegg.


For nokre år sidan starta oppgradering og rehabilitering av parken, bl. a med nye bed og anlegg av hagedammer slik dei hadde vore tidlegare. Plantene som er brukt i beda er etter ei planteliste fra 1792. Staudene i beda var mange gamle kjenningar som daglilje, iris, bondepeon, busknellik og  akeleiefrøstjerner. Men i bedet dukka det også opp - for meg - ein heilt ny hageplante, nemleg Fruefiol - Hesperis matronalis. Eg grubla kva det kunne vere for blomst med så nydeleg duft som for meg var heilt ukjent! Heldigvis for oss som går i parken, vi blir informert... I ein kasse låg ark med namn og detaljer over plantene som var sett ut. Slik fekk eg vite at namnet var fruefiol.  I dag var eg tilbake for å ta bilde av fruefiolen, og det var dei aller siste restane som no sto igjen i blomst. Dersom eg ikkje hugsar heilt feil såg eg forrige gang både rosa og kvit fruefiol i tillegg. I ei av hagebøkene mine sto at det var ein staude som passa best der den kunne vekse litt fritt og gi inntrykk av ein villhage. Med andre ord - perfekt hos meg!