fredag 27. januar 2012

Magnoliaen blomstrar - i butikken!

Sjå kva eg fann i blomsterbutikken idag! Magnolia i blomst! Så fantastisk vakre... Og det er berre igjen 2 månader med vinter og litt til før eg kan sjå magnolia i blomst her. Dagane er lysare og snømengda til å leve med, så no går det rette vegen. Elles gløymde eg å spørre i butikken etter sortnamn og kva land greinene kom frå. Typisk meg! Og berre så det er sagt, eg kjøpte ikkje med meg ei grein heim. Prislappen talar for seg sjøl ....

lørdag 14. januar 2012

Scarlett O'Hara

Frøpakken på bildet fekk eg i presang. Sorten heiter "Scarlet O'Hara" og eg spurde gjevaren om ho hadde lese "Tatt av vinden". Det hadde ho, og boka var "helt grei". Helt grei?? Min ungdoms store bokoppleving! Eg slukte historia om den bortskjemde, egoistiske og tøffe Scarlett O'Hara, frå den problemlause ungdomstida hennar, gjennom den amerikanske borgarkrigen og i dei vanskelege åra etterpå. Faktisk tok eg no fram boka frå hylla og bladde gjennom på nytt, og syntest ikkje at historia hadde tapt seg. Så det er eit godt namnevalg på ein knall raud ipomea!

fredag 6. januar 2012

Clitoria ternatea - klatreplante frå Thailand

Ei god veninne kom frå Thailand i fjor vinter. Der hadde ho samla inn frø, og fortalde at dei kom frå ei nydeleg klatreplante. To av frøa spirte, og eg fekk den eine planta av henne tidleg i sommer. Planta stortrivdes inne, vaks og sette vakre, blå blomster. Men så kom ferietida og planta måtte ut. Sommaren i år var ikkje av dei store, så trivselen vart deretter. Men eg fekk ein kapsel med modne frø! Kapselen la eg i viduskarmen til modning. Og no er han borte! Mistanken går i retning iherdig bruk av støvsugar til jul - og det er ikkje meg! Jaja, det meste lar seg erstatte......