mandag 29. juni 2015

Penstemon - eller rørblomst

Dette er for meg ein ny sommerblomst som eg synest er svært fin. Overfladisk lesing på Google om Penstemon opplyste  at han og kunne vere staude, men overvintringa var problematisk. I tillegg var det og nemnt at dette er ein plante som tidlegare var mykje i bruk, men som no har gått ut av hagemoten. Kanskje på tide å ta Pentstemon i bruk på nytt?


mandag 22. juni 2015

Pallekasse med planter for humler

Tidleg i vår gjekk eg til innkjøp av pallekasser. I den eine kassa sådde eg  frø av humleattraktive planter som honningurt, ringblomster, salvie og frøpose med humleblomstblanding. Kald vår og forsommar gjer at småplantene har vokse seint og kan så langt ikkje by på mat til humlene. Heldigvis har eg blomstrande stauder i hagen, og akkurat no er det i akeleiene humlene surrar rundt. Humla på bildet ser litt tvilrådig ut: Er inngangen i akeleier frå toppen, frå sida eller kanskje nedanfrå?