søndag 24. februar 2013

Iris Iberica var lycotis

Så hyggeleg med mange tilbakemeldingar om at de likte x-faktor bidraget mitt! Og no har irisen også fått eit namn, nemleg Iris Iberica var lycotis. Så her er eit oppfølgingsbilde som viser heile planta. Irisen står faktisk ute, men under tak. Legg merke til den flotte kontrasten mellom grågrøne blad og mørk blomst. Ein praktfull iris!

mandag 18. februar 2013

X-faktor blomsterutgaven 2013: Svart og grøn

Her er det ikkje allverden med bildekandidater å velge mellom! Men nok til at eg grubla lenge kva eg skulle lande på. Det vart altså ein nydeleg iris frå Gøteborg Botaniske hage. I hagen der er ein flott samling med spesielle iris. Dra gjerne dit i begynnelsen av mai og sjå dei i blomstring! Dessverre har eg ikkje namn på irisen min - bildet er teke før eg lærde at å ta bilde av namneskiltet var like viktig....



søndag 17. februar 2013

X-faktor blomsterutgaven 2013: GUL!

Idag laver snøen ned her, og det passa så ypperleg å bla gjennom bilda mine på leit etter noke gult. Verkeleg ei hyggeleg og oppmuntrande stund! Det vert vår ein gang... Eg er glad i gult i hagen, og då særleg om våren. Gul vinterblomst, vårkornell, påskeliljer, mange av første plantene som dukkar opp etter vinteren er gule. Så var det bidraget mitt. Eg aner ikkje kva plante eg har teke bilde av. Det var nok eit forsøk på "insekt og blomst", med litt velvilje ser de ei bie (?) på bakerste blomsten.


lørdag 16. februar 2013

Lotusfrø har hardt skal!

Eg har fått frø av indisk lotus, Nelumbo nucifera. Det er digre frø med hardt skal, og frøa må rubbast dersom det skal vere håp om å få dei til å spire. Ganske enkelt - trudde eg.... Tang til å halde frøa med og så eit utval med sandpapir frå skismørehylla til mannen. Så satte eg i gang. Tanga var det ikkje noke hjelp i, her gjaldt det å halde på frøet mellom fingrane og file i vei. Det tok tid og såre fingrar. Men no ligg frøa i vatn på eit glas, og skal visstnok spire om 6 - 7 dagar. Det er i alle fall lov å håpe på det!


Kanskje blir resultatet slik?