fredag 30. september 2011

Bror min og stikkelsbærtjuven

Bror min bor på Møre. Frå vindauga har han utsikt over fjorden, med øyane Hareid til venstre, Sula til høgre og Godøya midt i mellom. Bror min likar å følge med på båttrafikken, sjekke om makrellen er på innsig i fjorden eller studere niser som leikar seg i sjøen. Rett under vindauga står stikkelsbærbuskane på rad. Der såg han ein dag eit lite dyr som åt av stikkelsbæra! Ein mår! Ifølge bror min kan måren gå over til slik mat når det er trange tider. For at stakkaren skulle få litt variasjon i kosten la bror min ut pølsebitar... Heldigvis var det det berre stikkelsbæra måren likte og ikkje svartsurbæra som bror min er så stolt av...

fredag 23. september 2011

Grønnkål - ein robust supergrønnsak

Idag skal eg lage grønnkålgrateng! Vi dyrkar nesten kvart år grønnkål i hagen, det er ein smakfull og robust bladgrønnsak som er lite utsett for hagegruff. Og så skal grønnkål vere svært så sunt... Svigerinna mi med venner i Nord-Tyskland har fortalt at der har dei eigne grønnkålfestivaler! Grønnkålen kan gjerne stå ute om vinteren, men det forutsette stabil snøvinter og ikkje frost/tining. Då kan grønnkålen tape seg fort. Men det kan vere problem med djupsnø og. Eit år sto eg og spadde i snøen og leita etter grønnkålen. Då kom naboen ut og meinte det var no svært så tidleg eg var i gang med våronna..... Her i heimen brukar vi grønnkål til suppe, grateng og stuing. Grønnkål er ikkje så lett å få kjøpt i forretningane. For ei tid tilbake var vi invitert til venner. Istaden for blomster eller vinflaske tok eg med ein grønnkålstilk, vakkert pakka inn med silkepapir og cellofan!

mandag 19. september 2011

Så har eg ikkje Moses' brennande busk i hagen lenger ....

For mange år sidan kjøpte eg stauden Moses' brennande busk/Askrot - Dictamnus albus - hos ei urtedame i Vestfold. Eg visste ikkje for ein hageskatt eg kom heim med! Planta trivdes og blomstra, og hadde attpåtil nydeleg duft. Det bibelske namnet har stauden fått fordi den utsondrer eterisk olje på varme dagar, og denne oljedampen som stig opp skal i teorien kunne tennast på med ein fyrstikk... Eg medgir at eg aldri tok sjansen på å sette i brann favorittstauden min. Som sagt, den blomstra i hagen år ut og år inn, heilt til eg fekk for meg at eg skulle flytte den til ein annan plass. Det likte den slett ikkje. På den nye plassen vart planta ute for snigelangrep, så det enda med at mi kvite Moses brennande busk vart borte til slutt. I alle desse åra fekk eg mengder av frø som eg ikkje skjønte korleis eg skulle få til å spire. Det er til å ergre seg over!
Så no må eg berre glede meg over den lilla varianten som står i Oldemors hage på Tøyen. Fin den og!

lørdag 3. september 2011

Urtehagens dag i Botanisk hage på Tøyen


I morgen er det urtehagens dag på Tøyen. Der er eit innhaldsrikt program for dagen som planteinteresserte vil ha glede av! Programmet finn du her. Bildet er frå urtehagen i sommer, og viser eit flott bed med Monarda didyma - hestemynte.

torsdag 1. september 2011

Siste utveg for dagliljene - finn.no

Dagliljer er fine! Eg skjønar godt at mange hageeigarar har dei som samleobjekt, sjøl har eg 5 - 6 forskjellige. Det er flotte, problemfrie planter, dei veks både med og utan stell. Nettopp det at dei er så vekstglade har laga eit problem her i hagen. Dei gule dagliljene hadde omkransa den minste rhododendronen, og eg fekk klar beskjed av mannen min om å begrense dei. Eg spadde opp røtene, men hadde ingen ny plass i hagen å flytte dei til. Køyre røtene på hageavfallinnsamling? Aldri i livet! Då heller grave dei ned i eit vanstelt offenleg bed ei mørk natt... Dernest tenkte eg på å legge ut annonse på finn.no: "3 søppelsekkar med dagliljerøter gis bort. Garantert vekstvillige overalt...." No vart det ikkje slik. Det kom eit ungt par som held på å anlegge hage, dei var dro lykkelege avgårde med dagliljerøtene.