torsdag 22. november 2012

Julemarked laurdag 24. november i Botanisk hage på Tøyen

Julemarkedet i Botanisk hage er ikkje av dei største, men seljarane der dekker eit stort  utval av heimelaga produkt. Det kan vere alt frå strikk, veving, trevarer, smykker, diverse på glas, honning, bakevarer, kort sagt mange flotte og vellaga ting. I tillegg kan ein kombinere markedet med ein spasertur i hagen eller glede seg over eksotiske planter i veksthusa.
Her er eit bilde av dei fantastiske tulipanane vi kunne nyte synet av i Botanisk hage i vår. Er det ikkje ei fin oppmuntring no i november mørket?


fredag 9. november 2012

I siste liten, og for seint ute

Snøen har lagt seg og delvis blitt borte igjen, trea har mista blada, det er vinter i hagen.  Men før det siste snøfallet, rakk eg å flytte ei lita valmuesøster,  Meconopsis quintuplinervia, frå barnebedet til eit nyetablert staudebed. Eg har gjort forsøk på flytting før, og det har ikkje gått bra. Nesten så eg får tanker om eit trassig vakse barn som ikkje vil flytte heimanfrå:  Får eg ikkje vere der eg vil, kan det vere det same med alt.... Men no vart det flytting, og seinhaustes kom der ein blomst! Veit ikkje heilt korleis eg skal tolke han.




Og i den første snøen dukka haustkrokrokusen opp. Altfor seint! Og eg som i vår hadde tenkt å flytte dei til ein lunare plass...